onsdag 28. juli 2010

Latside...

Liten "epistel" om framgangen...



Sikkert fleire som tenker att eg ligg på latsida med heile målejobben min...å ja, det har eg visst jammen gjort..Burde ha vore ferdig for lenge sidan. Men ein time her og ein time der kjem ein neimen ikkje så langt med. Har ferie, å kosar meg glugg med det. Fekk måla ein halv vegg i dag(seiste heile veggen), mens mini søv, å håpar på resten av veggen i morgo. Ellers er det neimen ikkje så mykje å rapportere om på husfronten. Snikkeringa virkar som går litt seint akkurat nå, å sidan eg var der på sondag trur eg ikkje det har vore aktivitet der. Det ser ut som reisverket er ferdigt utvendigt. Men det er ikkje sikkert snikkrane er enige i.

I dag starta høvdingen å snikkere litt mens eg måla, så håpar på å få feridg noken listar rundt glasa og portane dei neste dagane. Å eg har som mål å bli litt meire i rute med målinga.



*** SO LONG ***

torsdag 22. juli 2010

One to go....

Då va den eine tingen på lista utført...


Det var denna lista med alle uppussingsprosjekt som skulla ha vert gjort. Den "ballar" fort på seg med både det eine og det andre. Så det er godt at noke blir utført, fordet om det er langt ifrå ferdigt. Eg må få tak i madrass og litt fleire puter før senga blir komplett...:) Trur det blir bra. Såg tilfeldig ei likedan seng i vakre hjem og interiør i dag.

Slik blei senga etter litt spraying.




















Då eg starta i kveld, tenkte eg at det er rart at høvdingen - min bedre halvdel, ikkje har kåmmi med fleire bemerkningar på detta prosjektet mitt. Men derimot så fekk eg passi mitt påskrivd av min far. Spurte nemmleg om pappa hadde forslag til korleis oppussinga skulle gå føre seg. Å om eg kunne få hjelp til å få gjort noke med senga. " Ja, svarte pappa med smil om munnen. Det absolutt beste å kjappaste er at mi reiser på søppla med heile greia". Pappa er snikkar og pedimeter, og har 1 kjering og 3 døtrar som alle har interesse for interør - gamalt og nytt. Kjeringa hasses er definitivt den verste og den med lengs erfaring, ergo hans synspunkt har blitt oversett mang ein gong. Ellers så hadde mange av mammas prosjekt sikkert ikkje blitt realisert. Konklusjon er at høvdingen har ikkje like lang fartstid som han far, med ei kjering med mange prosejekt på gang..:)
Noken som kjenner seg igjen eller?? hehe....:)



Eg stor kosar meg i ferien...ha ein fin kveld...:)

mandag 19. juli 2010

Arbeidsledig...?!

I fare for å bli arbeidsledig i sommarferien så har eg gått i gang med uppussingsprosjekt i tilegg. Å som om eg ikkje har nok å måle på - så målar eg litt meir. Bare slik for forandringens skyld... Hehe... :) Har heldigvis ikkje blitt lei ennå, men det kan sikkert diskuterast til neste år...!:)

Dei tinga eg hadde som mål å få gjort noke med er ein grøn lasera skåp. Som har blitt gronna eit strøk og som bare ventar på å få sitt fyrste strøk med måling. Her æ før bildi..Etter blidi må di nøkk vente ei beite på...









Har og ei seng av metall som eg har store planar ein dag - bare eg får ånden - å pusse ned og spraye svart. Det skal vere ei seng med masse puter i, trur det blir kalla day bed *usikker*. Trur det kan bli fint. Har ingen anig om kor eg ska ha den, men ein eller ana stad får den vell plass. Om ikkje ana så blir den vedlikehallt slik at den evt kan brukast på eit ana tidspunkt.


Så har me ein sofa og to stolar som er gamle, som stod på Køsa frå før, som me har tenkt å få trekt om. He ein mamma som er veldig flink med slikt, som har sakt ho vil hjelpe. For syferdighetane mine strekker seg ikkje så mykje enn å klare å få tråden på maskina *kan bli litt plunder bare der*, og om eg har vore så heldig å få på tråden, så er det nok med det som skal etterligne rett fram saum. Kan minne om noke som dette _________-------_____-___-----____------_-______------_____haha Jaja trøstar meg med at øvelse gjer mester...Når håvard bygger hus, sø kanskje...haha
Må ha mål her i livet.

Ellers så har eg og gått til innkaup av ein gyngestol som skal pussast opp litt å trekkast om...

Så nå når eg skreiv heile denna lista her, tenkte eg at det var mykje. Mi fær nå sjå så mykje ein rekk...:) Planan er kanskje større enn evnene...hehe
Om det blir mykje regn, er det greit å ha litt innandørsarbeid.

He du prosjekt på gang nå??

Ha ein fortsatt fin dag...

torsdag 15. juli 2010

Alli sø gali at det ikkje er godt for noke.

Heisann...

Ei bittelita uppdatering mæ det lille eg veit om framgang på reisverki.

Det nye eg såg som hadde skjedd sidan eg seist var der, var at det var reisverk på alle veggar nå, å "høl" der som glas å dynnar ska stå. Det hadde og forma seg ein ark, eller som pappa sei "vælstandsvorte"...He du høyrd det før?hehe:)

Ellers sø er det bare ein dag før ferien startar og møgleghetane ti å svinge målekosten verkleg byr seg. Mæn det eg er ikkji sikker på at veirgudane er på team Midtagarden om å ha mest mogleg passande veir for å få det best mogleg til på kortast mogleg tid. Tidsfristen me håpar på er at me skal vere inne i huset til JOL. Å det er jau ikkje så lenge til, med tanke på att det ikkje er så mange dagane sidan det starta å sjå ut som eit hus. Det bidreg veldig på husprosessen at det er noken som er der heile tida i vekene. Dei skal ikkje vere alle ute i ferie på same tid.

Mæn, det er som ordtaket sei : alldri så gali att det ikkje er godt for noke. For med regnet gror det gras i den nysådde skråningen økkes...:) Godt at noke er grønt til neste år..

Ha ein fin kvell og ei god helg..:)

fredag 9. juli 2010

Whow...


Er som dei sei sei at fyrst gjeng husprosessen seint, så startar reisverket- og då går det fort. Så sakte igjen, men det er ei ana historie. For akkurat i dag såg me stor framgang. Det vert plutsleg eit hus, der ein kunne sjå litt meire korleis det blir.

Her kan du au få sjå...








Er ikkje store klaringa her...








In the air...







Den fyrste takstolen på plass...







Kommet forbi loftstoga....








Limtre dragaren som ska på plass...








Utsikten i frå "loftstoga"..








"Fix ferdig", i hverfall med dagens oppgåve...:)







Ha ein super helg og ein fin kveld. Dette er den seiste arbeidshelga før ferie..JIHAA!

onsdag 7. juli 2010

Oppstart...

Mitt øye skuer...


Du verden, du vil ikkje tru sø gøtt det var å sjå treverk på grunnmuren i dag - ENDELEG ...:)

Her ser du kva som har skjedd i dag..:)
























Å her ser du garasjen i fron med 1 strøk måling.










Og sida som eg starta på med strø nmr 2.












Kva syns du??


Kan tydleg sjå at garasjen er full ja..hehe...og litt rotete. Men det er lov i slike tilfeller. Fordi det er stua inn etter beste evne, og hødingen ryddar både titt og ofte. Men det har tendensar til å rote seg til att...hehe..


Ha ein fin kvell.. (snart bare atte 1 vike igjen på jobb før 4 veker ferie)

lørdag 3. juli 2010

Noken små skritt fram.

Frem til bage, frem, frem frem....


Sø va det eit nytt innlegg om venting...Har ein følelse av at det er noke me kjem til å gjere mykje i dessa bygge dagane.hehe...Det er jau litt slik når det er ting ein gjerne skulla hatt ferdig i går å ikkje om litt...Utolmodig - ehh...JA! hehe...Mæn er kanskje ikkje så mange som ikkje har forståelse for det. Er noke med det at ein ønskar å bli ferdig med prosjekt ein hell på med.


Det lille som har skjedd sidan seist er at me har måla eit strøk på heile garasjen, og ein halv vegg med strøk nummer to. Og gras har blitt sådd i skråningen som er ferdig. På snikkar fronten har det kåmi på ei botnsville på grunnmuren. Har over lengre tid sakt nå- nei nå - nei nå...Men nå må dei. Til fredag kjem takstolane, så det er nå det skjer. Onsdag og utover så blir det snikkering på bruki.

Måle arbei i seg sjølv er eit arbeid eg syns er greit. Men i går kveld var det ikkje greit. Det var fullt av selskapsjuke, blodsugande, vingebefengte knott. Du verden førr ein ufysleg liten skapning. At ein sø liten ting kan øydlegge så mykje. Men i dag var det både sol å vind, så då gjekk det greit.

Var i dag og spurte Johnny om han fremdeles var ledig til å lage kjøkken til oss på haustkanten, og det var han. Så då er det bestemmt, at fyresdal tre er dei som skal lage kjøkken innreding til oss. Det blir supert.


Blir litt mykje jobbing og litt lite blogging om dagen. Men før du veit ordet av det har det blitt lakt inn bilder og noken ord.

Ha ein fin kvell vidre.