onsdag 21. desember 2011

Snart jol...

Eg prøvar meg litt fram med blogging frå mobilen...:)
Dagen i dag har bare vore kose dag i heimen,med joleførbredelsar. Mini i huset har hatt stor glede av å pynte eit lite tre ute i gangen...:)

mandag 19. desember 2011

Adventstid...

Mykje som skjer om dagane...

Men uten den berbare dataen er det neimen ikkje like lett å gå dei ekstra metrane inn på kontoret for å sete seg på datan gitt...*s*

Sia seist har det skjedd ein heil del, og eg har så lyst til å vise det fram. Men blogging frå mobil er noke eg treng eit kurs i...trur ikkje det er snakk om lynkurs ein gong. Å sidan skjermkortet på ein tungtarbeidane berbar pc gjekk fløyten for lææææænge sidan og den stasjonære har litt pms plager (kan i hvertfall minne om det), så får det værre som det er når det itte vært som en sku.

Turen ti ikea he me tatt - to gonger. Og rammer til alle bilda som eg vil ha på ein vegg,spegel, skoskåp og klesskåp er noke av det som har blitt med heim.

I tilegg så har høvdingen dratt fram snekkarbeltet sammen med min kjære pappa, å jammen har det ikkje blitt skåp på the master bedroom au. Det var det eg ønskte meg aller mest til jol, og det fekk eg. Kan ikkje bli bedre enn det...:)

Alle mann på dekk - til og med ho mor. Er så utruleg heldig å ha ein snill mamma med sysertifikat for ekstra vidrekomne sjåførar, så 4 liftgardiner blei det jammen meg au. Bare eit år, eller det vil sei 11 mnd, etter innflytting...hehe...Tek det når ein lissom ikkje har ana å gjere. Så nå er det bare å lyfte på kulen å sjå om eg får hengt opp gardiner dei neste dagane. Kanskje, sei bare kanskje, det fristar til nokk ein runde med glasvask og.


Det er kanskje ikkje rart i nytt hus ein sei at det har aldri vore koslegare med advent og jol. Ei tid der ein gjer om heimen til ei musikkfyllt hus med lukt av bakst og kanskje litt ekstra vaskemiddel i krinkel og krokar. Hærleg....gleder meg sø ti jol. Ingenting som har fått noke plass på førehand, alt må finnast ut på nytt. Lite skår i jolegleda er at eg er grasenke i tre veker denne jola, men mini er veldig klar for jol og jolekos. Så det blir nokk supert for det.


Vil i hvertfall sei at eg kjem sterkare tilbake til neste år. Då med bilder får me håpe....


God jol ønskast til deg og dine....

Joleklæm frå Nina