onsdag 22. februar 2012

Vår...

Dei fyrste vårtegna er i ferd med å vise seg...


Med mildveir og regn , kjem det glatte og isbelakte tun. Det er litt ala disney on ice her på Køsa om dagen. Hadde mummimamma vore ein disney skikkelse, så hadde du sett meg, balansere mellom husa hera. Med broddane godt plasserte på skoa for sikkerhetskyld. Har nemmleg hatt mine knall og fall, og dei seiste vekene i svangerskapet er kanskje det beste at ein prøvar og vere forsiktig...:)















Sola har på ny vist seg på Køsa etter noken månadar der den har glimta med sitt fråvær.


Selja har fått lange nye ljosegrøne skot, fugglane syng og morell/kirseber treet nede i botn av jordet ser ut til å ha "knuppar" i toppen...:):)Det kjem ikkje fram på bildet, men men.











Har våren starta og vise seg hos deg?




- N-
D

tirsdag 21. februar 2012

Lille bilde på veggen der...

Det at ting tek tid, det er ikkje tull...

Før jol skreiv eg at eg hadde noke familiebilde som eg ville ha i glas og ramme...









Det var denna ramma frå ikea eg ville ha... Så etter mykje om å men, bilda blei kopiert, rammene kjøpt og etter litt meire tid satt i...
Men så kåm det til det at dei skulle opp på veggen. Eg visste heile tida kva for ein vegg eg ville ha dei på, men så var det å finne ut korleis dei skulle henge. Så gjekk tida igjen. Men nå er dei oppe...:) To bilde hyller var løysninga, å me er veldig fornøgde.


























Bilda er av meg og høvdingen som små, besteforeldre, foreldre som små og noken tanter og onklar..:)Veldig fornøgde med bilda. Og ser at dei bilda som er tekne av fotograf er spesiellt fine, dei har fine bakgrunnar og god kvalitet...:)





Her er det ikkje mykje som minner om vinter i dag, men meire som vår. Men det er ikkje mykje å gjere noke med...:)



Ha ein fin dag...
- N -

torsdag 16. februar 2012

draumar...

Ja, draumar det må ein ha...

Med ein liten ein på veg, er det ein del ting eg prøvar å tenke litt i forkant på. Noke av det eg tenker litt på nå, er hage og utekos. Me har tenkt å gjere hagen litt koslegare på nedsida av huset. Med nedsida tenker eg på ned mot vatnet. Me har tenkt å lage ein terasse litt over halve langsida av huset, og med ein terasse må ein ha hagemøblar.

I fjor tok eg turen til bogrønnt leikvoll i lunde. Å der var det ikkje mangel på fristelsar anten innan blomar, buskar, tre eller hagemøblar. Eg ha hatt litt lyst på noke ein kan site å kose seg i, men samtidig ete greit med. Det vil seie at borda til sittegrupper med soffa er ofte så veldig låge og små, så eg har hatt lyst på noke som ein kan bruke til alt. Soffa ute er veldig kos. Så då såg eg denne gruppa her - høg, god å sitte i å fin. Finns i brun, svart å koksgrå, å om eg ikkje huskar heilt feil hadde den ein fin prislapp au...:)Men draumen kan ein jau ha...:)



























Har du starta å tenkt på ein ny sommar sesong?
Har du tips til hagemøblar som er fine og praktiske ?


Føreløbig er det innekos her i heimen, sit å nyt synet av den kvite fine snoen...:)

onsdag 15. februar 2012

Ården i skosamlinga...

Rot i systemet eller system i rotet...

Til fleire par føtar ein er i ein heim, til meire sko blir det. Å sko er noke som ikkje er så lett å halde ården på - før nå...

Vi slå eit slag for geniale løysningar, denna gongen frå ikea. Var som sakt veldig på innkaup av skåp før jol. Men har aldri vist det geniale skoskåpet som me fekk oss. Det rommar mykje, og til den nette sum av 1.990 kr. Skåpet er i pax serien og heiter pax bergsbo garderobe med to dørar. Eg har prøvd å finne bilde på nettet som skal vise skåpet, men uten hell. Til deg som har ein liten "ikea bibel" liggandefor 2012 så er det på side 209.


Me valgte å kutte ut den eine hylla som følgte med, å det var den til fin sko. Slik at ein kan putte ein å ein sko på ei stång. Det er ikkje akkurat den typen sko skåpet vårt inneheld mest av. Nei, her i huset er det store støvlar å scootersko det går i...hehehe...Så det var det fine med skåpet, ein kan velge sjølv hylle breidde, så me fint kunne lage plass til høge sko.

Hyllene er i metall, som er tette så det ikkje skal renne vått eller sand ned i skoen som står i hylla under. På toppen har me ei hylle i tre som gjer seg godt til høvdingens arbeidsklede. Det er strengt tala bare han som rekk greit opp for å bruke den hylla...*s*

























Syns skåpet er oversiktelegt og ikkje noke meire plasskrevande enn andre skåp, tvert i mot. Det ruvar mindre i breidda, enn det skåpet me hadde der frå før. For med sine mål på B:100x D:37 å H:236, er det ikkje ana enn i høgda det ruvar. Genialt med så høgt skåp at ein slepp å tenke på dei eventuelle hybelkaninene som kunne danne koloni på toppen av skåpet...*s*



Ha ein fin dag...

tirsdag 14. februar 2012

Flaggstång...

På "gamle køsa" var det flaggstång. Den hadde bestefaren ti høvdingen laga sjølv, noke som eg trur var veldig vanleg før. Ein dag då me kåm heim, låg den i 1000 bitar, i hvertfall 6 store bitar og mange små. Gjennområtten var den etter mange års tro teneste til småbruket.

Me bur slik til at me har lyst på ny flaggstång, og har spara på det gamle festet, som har blitt satt i jorda når "finpussen" med gravmaskin blei gjort på forsommaren i fjor. Nå skal sannt seiast at serleg fint ut i skrivande stund er stativet ikkje. For etter møte med målingskrapa i fjor, er det ikkje mykje presentabelt nå, der det stend på pynten å viser fram litt rust hist å pist. Tanken var at det skulle få litt måling. Men med den sommaren me hadde i fjor, vert det ikkje så mykje måling som me hadde tenkt. Bedre lykke neste gang ! Så nytt år å nye mogleghetar. Når våren å annledninga byr seg skal målekosten "sveivast", og stativet skal bli kvitt å fint, forhåpentlegvis som flaggstanga. Det vil sei flaggstanga som me har lyst på, men som ikkje er så lett å bestemme seg for kva for ei me skal ha. Ei flaggstang er nemmleg ikkje bare ei flaggstang. Du har fleire typer tre, metall, fester og toppar.

Så har prøvd å siti å sett litt på nett, men ikkje mange bildene som var til inspirasjon for meg. Men trur det er tre som eg har mest lyst på. Men det har sine bakdelar det og. Det er ein del vedlikehald på, som med ana tre. Men har ikkje lyst på for spinkel stang heller..hmm...nei det er godt det ikkje er vår ennå, og at der ennå betenkningstid.






Fannt litt ut om kor høg stanga skal vere då.


Hvilken høyde?
I følge den gamle norske regelen skal 1/3 av flaggstangen rage over husets møne.
Vanligste høyder er som følger:

Villa 10 – 12 m

Hytte 8 – 12 m (under 8m gir et "dukkestuepreg", bl.a. med tilhørende lite flagg)

Gårdsbruk 12 – 18 m (avhengig av størrelse og beliggenhet)

Bedrifter
Off. bygninger
Bensinstasjoner
Veikroer 10 – 16 m

Bygninger og omgivelser er avgjørende for hva som
passer hvert enkelt sted.










(bildet er henta frå nettet)




Ikkje mange land som har så fint flagg som me i Norge har...:)

Har du flaggstang?

mandag 13. februar 2012

...:)

Vinter og sne....

Mange som syns at det er kjedlegt med vinter...Men her i heimen ser me postivt på vinteren. Ikkje er den kald, sno har me, me går ljosare tider i møte og merkar godt at dagane har blitt lengre alt nå. Mykje lettare å finne på litt ute for små og store.





Inngangspartiet ber preg av sno å vind...:)













Mens inne er det å kåme på nye variasjonar av pynt ein har. Syns etter all stasen rundt joletider, blir det litt tamt etter at det er pakka vekk for denna gongen.











Å i skrivende stund kjem det ned litt kvit fin sno..:)
Det er ingen overhengande fare for at eg må ut å feie sno av trappa sånn heilt med det fyrste.



Kva slags pynt har du framme nå? Er det spreke fargar eller kvitt?



Håpar dagen din blir fin

onsdag 1. februar 2012

Kong vinter...:)

Nå æ det vinter...

Å det er noke eg stor kosar meg med i nytt hus. Vannbåren varme, med vatn til vatn fungerar veldig godt for oss. Det har til tider vore nesten for varmt i stoga, men dette er selfølgeleg litt som har med innstillingar å gjere. Det har dei seiste dagane vore heller noke kallt, men har ikkje merka noke til det inne...:)Har ikkje bruka ovnen den seiste månen..:)

Me er au veldig heldige som har fått ein del fin kvit sno. Noke som eg alltid har lika, men som eg såg meire på som ei bekymring i det gamle huset. Var det ikkje frykta for takras som skulle klake til så eg ikkje klarte å brøyte det vekk, eller få takras i hovudet med store delar av is eller så var det vegen som ikkje var kjøyrbar. Me måtte jau legge om vegen for å få bygge hus, bare fordi den var så bratt å kronglete at det ikkje kåm større kjøyretøy enn traktor opp til huset.

Med andre ord , eg som grasenke føler meg ganske bekymringlaus nå søm fru på NYE Køsa..:)




Bildet er tatt av brygga i Breivik for noken veker sidan.








Morgodagen er mellt helst i det kaldaste laget...Men håpar den blir fin for det.




-N-