søndag 27. mai 2012

Draume kjøkken

Denna gongen er det ikkje mitt kjøkken som eg har draumar om...
Men med ein liten kokk på 4 år med ein bittelita kokkelærling på bare noken veker ,så hadde det vore moro med noke som faktisk er laga fint, og som kanskje kan gå i arv...:) kokken på 4 storkosar seg med å "lage mat", å med ein veldig god fantasi blir det laga så mangt...:)



Hmmmm....:):)



Har hatt ei nydleg pinse...håpar du au har d..:)




-N-

fredag 25. mai 2012

Neste ut




Hagen neste ut...

Nå er det hage som får litt stell om dagen. Noken blomar kjem stikkande opp frå i fjor. Ellers var eg ein tur på hagesenter her om dagen, å då vert d bl.a 2 steinbeddsplanter, 2 klematis å ein kvit løytnantshjerte. Spennade å sjå korleis det blir.





Kirsebertreet er i blomst om dagen..












 Jammen he ikkje plommetreet overlevd vinteren i " fangenskap" au. Eit raklete gjerde av hønsenetting for å halde vekk store 4 beinte uvenner vekk har gjort nytten sin...:) Bare å håpe det blir ein liten smakebit. Det er av sorten opal plomme...













I frykt for at me kjem til å få ein sommar som i fjor, har me investert i ei " myggmaskin". Den er ikkje for å få mygg, men for å kvitte seg med noken millionar eller 2...:)
Plassen me bur på er ganske våt, det er mykje vatn i diverse grøfter å dreneringar, noke som er med på å gjere det til eit eldorado for dei lille styggingane..Mygg, knott å ana som flyr å bit er virkleg med på å øydlegge utegleden. Så håpar me slepp slikt her framover...:)






Ha ei flott pinse...:)




-N-

onsdag 23. mai 2012

Vår med sommartempratur

Dagen i går var nydleg...sola har skein, varmt og godt - forsmak på sommaren...:)håpar dagen blir like god, å det ser jammen ut som me får det au...:)
Vår og sommar er det alltid mykje som skal gjerast, anten som ein må eller ein har lyst til...dagen i dag skal brukast på
å vere ute sammen med ongane (utruleg godt ord - ongane i fleirtal...:). ) å gjere litt småplukk i hagen...
Me har fått sådd plen,å veiret har vore som bestillt til det. Fyrst vått så varmt og godt...:)




Ha ein fin dag

Bildet blei tatt i går kveld...;)