onsdag 8. september 2010

Turke...

Turke eller...


Det har visst uppstått ei lita turke på bloggen min au, litt i frustrasjon over kor lite framgang det har vore og mykje på grunn av mangel på tid å energi - prioriteringar..

Me har vore heldige med veiret i helga som var, og fekk vore effektive og gjort ein del då. Men så gjekk me tome for måling, å så vert det andre ting som blei gjort i staden. Men det er jau greit for allt som er gjort..:) Fytti så tørste noken planker,syge til seg liter på liter...Bruka opp ca 15 liter med grunning og 20 liter måling og 3 liter til dør og list på bare noken dage. Å ser ingen ende på målejobben endå...



Dagen me starta på grunninga var det fille veir med sprutregn. Så då bar me alle plankene inn for grunning.










Så kåm fin veiret og dei var klare for eit strøk med måling. Så då bar me dei ut igjen og måla dei. Her er dei ferdig grunna, måla og stabla opp att - klare til bruk.









Her er dei under måling. Og mini har vert konsulent.








Så stabla høvdingen seg til topps for å ta vinskeiborda.









Så bruka me opp all målinga på eit strøk på veggen..Digg med stillas:)








Frammgang er det og på plenen. Ser ein vekk i frå diverse ugras planter og hengemyr tendensane trur eg den blir bra..:)






Den har blitt trimma og sådd opp igjen der det hadde rennt vekk ein del frø. Så får satse på at det blir bra. Måtte den bli tørr ein gong slik at ikkje skoa sit fast når ein dristar seg upå i botn.








Nå har høvdingen reist igjen og latt allt ansvar ligge på den lettare frustrerte huslausfrua. Håpar ingen avgjerelsar kjæm brått på meg nå, litt vinglute i bestemmelsane om dagen. F.eks kvite, svarte elle zink takrenne...noop, ingen lett måti å bestemme seg på - ergo - svart (vanlegaste som finns)..:)haha...neidå bli nøkk grætt det.

Liti å stutt inlegg skulle detta vere...

Håpar det bli litt meire å berette om frå denna kanten att snart...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar