torsdag 31. mars 2011

Tips.

Det snør det snør, tiddelibom...


Me fekk ein forsmak på vår og bare vegar, sol og mildt veir - nydeleg. Men alt til sin tid, for den kjem, men eg ha rlyst til at me skal ha påske på heia, så me treng litt meire sno.

Eg har tenkt litt kva skal eg skrive om, og kva kan eg vise fram. Bloggen er jau mykje for min egen del for å ha ei slags dagbok, men ser jau au det at det må vere ein stor bonus undervegs å vere til hjelp for andre som skal måtte trenge det. Så derfor her kjem eit lite tips om noke eg syns er kjempe greit.



He du eit bord som treng ein liten slitebuffer?Som kanskje ser litt tørt ut? Då anbefalar eg ein slik bio voks. Enkelt å bruke å eg har ikkje hatt bruk for å bruke den så ofte, føler det varar ei stund.














Ein do er ikkje ein do lengre. Er så mange forskjellige formar og fasongar at du blir heilt vill. Men ein ting eg visste frå eg såg det i katalogen, var at eg ønskte meg ein do, som hang på veggen og som ikkje hadde sisterne. Så såg eg at du kunne få eit system slik at du slepp å ha wc blokk hengande på "ripa", men at du heller kunne sleppe den inn i ei lita "kørg" inn i veggen. Det gjer til at du kan bruke dei same wc blokkane men sleppe å sjå den. Syns det er genialt, både hygenisk og barnevennlegt. Det kan au kansje gjere til at ein slepp eit tett rør på grunn av ein wc blokk på avvege.























Har i dag hatt kjempe koslegt besøk, så nå er det snart senga neste før ein skal ta til på seiste arbeidsdag denne veka og april sin fyrste. Hmmm, grøss å gru med tanke på arbeid på 1.april. Blir ein lura tru...:)

mandag 28. mars 2011

Bilde

Ting starter å kåme i orden nå. Då me flytta inn, var det bare å få ting ut av pappaskane og inn i skåp og skuffar. Så nå i neste omgang er det og få gjort om på det, rydde litt og systematisere bedre enn det var frå før. Syns me startar å kåme litt i orden nå, men det tek tid.

Ting startar å få sin plass på veggane au nå. Å på fredag fekk me innflyttingsgåve av mamma og pappa. Mamma har måla eit kjempe fint bilde av "gamle" Køsa, og ramma det inn med planker frå gamlestøg heime på Lauvrak. Det blei så fint, og har fått sin hedersplass i stoga. Det gjorde noke med heile stoga bare å få opp ein ting på veggane. Det er bare tv`en som har fått ein plass på veggen i stoga fram til nå.

























Eg syns at bildet blei kjempe fint, og veldig moro å ha. Var au moro at eg fekk med noken bitar av gamlestog heime frå Lauvrak. Blir mykje symbolsk i det bildet. Håvard sa at det er "husi min" ,då han såg det. Moro at han huskar det.

Me har vore så heldige, me har fått mange kjæmpe fine innflyttingsgåver...:)




Ha ein fin dag i sooooolllla...:)

torsdag 17. mars 2011

Innflytta?

Før ein flyttar inn, skal det skrivast ferdig attest heitest det. Ehhmm, den blei ferdig i dag, nesten to månadar etter me flytta inn - uoffesiellt sjølvsakt. Men i dag er huset syna, og me har nå på alle papira flytta inn. " Ække gærn`t det"...:)


Bare for moro, fannt eg å mini ut at me skulle bake bøllar i ettermiddag. Tenkte eg skulle prøve ein ny framgangsmåte med gamal oppskrift. Eg heva ferdig utrulla bollar i ein time før me steikte dei. Det var veldig lettvinnt, og bollane blei veldig bra. Så det kjem til å bli fast for meg, for eg følte eg blei fortare ferdig med bakinga...:) Og fekk fortare smake på herligheten...Det vil sei for min del ventar eg, mens mini slurpa i seg deig så godt han kunne...." mmmmmMMMMmmmm mammma, deiiiillllig", sa han i det han slikka opp seiste rest frå benken...hehe...Han er i hvertfall ikkje kresen...


12. mars var det eit år sidan me flytta ut i frå køsa, og burt på Lauvrak. Det er litt rart å tenke på nå, at det då virka langt fram til me skulle få eit nytt hus. Mens me nå allerde syns det er ei stund sidan me flytta inn - uoffesiellt.


Nå er det kose seg med bollar - steikte sådan - og bygg mester bob....:) Det er dette me kallar kosedag.


Håpar din dag har vore bra...


- N -

søndag 13. mars 2011

Vaskerommi...

Vaskerommi er så ferdigt som det kjem til å vere i ei stund. Så derfor her er ein liten kikk, inn i eit av ei husmor sine favoritt rom. Syns at det var greit å prioritere vekk ei dør inn til detta rommet når det er så nære inngangsdøra. Har fått eit rom som er lyst, fint og praktisk. Har alltid ønska meg eit "sjulekar" til å vri opp klede, å drive med litt uvannte ting som kanskje ikkje egnar seg så godt på eit kjøkken eller bad. Eg hadde f.eks inn mattene i bilane og skyllte dei, glimrande. Ellers andre ting som me har inne her er ting som høyrer til her inne, som har med reingjering og gjere.

På sikt har me lyst på ei benkplate over vaskemaskina og tørketrommelen og eit underskåp til evt vaskemiddel og bytter o.l. Men akkurat nå er det ikkje det som stend høgast på ønskelista. Mykje ana me ønskar oss før det...:)Vaskerommet fungerar veldig bra som det er, og er stor kontrast til korleis eg hadde det på gamle køsa.

På det gamle vaskerommet var det alltid vatn på golvet på våren. Noke som gjorde til at det var betong golv som ikkje blei reingjort ana enn litt kosting i ny å ne. Hadde spindelvev og edderkoppar alle stad, noke som aleine var det største hatet på grunn av at eg trykkt kan sei at eg er GANSKE redd den slags...huff å huff. Eg hadde au eit par typer med sopp på veggane, mykje mus som som gjorde til at ingenting kunne oppbevarst i kjellaren, ei trapp som var veldig bratt og vond å kåme opp med ei skittentøyskørg med klede i gjennom ei luke til kjøkknet. Nei, kan tryggt sei at det ikkje var noken draum, men det fungerte på sitt vis. Rart å tenke tilbake på så tongvindt ting var. Nå kan eg for eksempel dusje mens eg vaskar klede, før gjekk sikringane når eg gjorde det. Heilt klart ein bonus å sleppe rustflekkane kleda au fekk, gronna dårlege rør.





































Eg likar godt den dynnamitt kassa som eg har vaskemiddel i, den gjer seg til det meste og har opp igennom tida fungera som nattbord, hatt steroanlegget på den, aviskørg, blomsterkasse og eit lite bord. Syns den er kjempe fin, og blei ikkje lei meg over at eg fannt fleire på låven på køsa.


Har i helga hatt ein strålande tur på hytta, og det strålande veiret i går blei sett stor pris på av store som små. Me sat i solveggen, leika å aka i mange timar.



Mellt fint veir i denna veka au, så kos deg....



fregnete helsing frå

-N-

onsdag 9. mars 2011

Inn i gamet

Trur nøkk det er heilt sannt at ein må bygge fleire gonger, ikkje bare for å få det heilt som ein vil. Men au for å bli meire inn i "gamet".

Med "gamet" så meiner eg du verden sø mange ting ein gjer som ein ser i etterkant ikkje var så lurt eller som ein ville gjort annerledes.


* Ikkje tru at eit vindauge er eit vindauge. Du må tenke på antall lag, hasper og profilar, sprosser faste/lause.

* Ein pris er IKKJE ein pris. Få det skriftleg, entrepenørar snakkar UTEN moms, noke som har gjett oss noken hakeslepp her og der.

* Har du ein pris på noke, som du velger og oppgradere, så må ein ofte betale ekstra. Eks : ein josbrytar kostar 600 kroner, så velger du ein dimmar i staden. Då tenker ein uvitande husbyggar kanskje det at ein bare betalar mellomlegget. Men åneidadu, du må betale det + at du må betale dimmaren. Bingo, eit punkt 1600. Wow...å då såg ein dei pængane flakse. Å det samme dersom ein har noke med i ein pris, skal entrepenøren ha litt "kompansasjon" for å evt trekke det heilt ut.

* Når me kjøpte innerdørar, såg me at det var uten dørvridar. Tenkte at det er jau ein smal sak, men at det var så dyrt tenkte eg ikkje. Ein dørvridar kan variere frå 90-250, og når ein har mange dørar blir det ein liten sum det.
Men på den postive sida er jau at ein kan velge sjølv.


Dette er litt av det me har oppdaga som eg kjem på nå. Det blir sikkert fleire aha opplevelsar, men håpar at ein har sett det som skal kåme nå.



Hadde store planar om å gjere litt små pussel i heimen i kvell. Men du verden så mange unnskyldningar ein kan finn for å la det vere. Det mest forlokkande i kveld var tv, data og ein haug kk. Det er ikkje lite bare det.
Små pussel som ein har sett på vent etter innflytting. Litt pussing, lakking og måling hist og pist som bare er tiltak. Nei fær prøve å gjere det i løpet av dei neste 14 dagane...hehe kan jau ikkje ana enn å håpe..


I dag fekk Ranghild og Hans Magne ei jente, sø gratulere sø mykje til dei med ei nydleg lita gull jente...:):)


- so long -

onsdag 2. mars 2011

Winter wonderland.

Winter wonderland....



Ein kan ikkje klage på slike dage. Trass i at eg både fekk vaska mobilen til høvdingen på 40 grader i vaskemaskina, kattepiss i krokane og litt lite vatn i brønnen så kan ein ikkje klage. Fær ta d mæ eit smil ( prøve etter beste evne), snu seg mot sola å nyte det ( mæns pus sit på trammen og gjer allt ana enn å nyte frisk luft. Han syns nemmleg som meg, at varmt på do æ det beste - det vi sei på kjøkknet mitt. Å det likar kji mor i huset, og far trugar mæ ei nittedal spesial, nei pust ut-pust inn.....å håpe det heiar yvi...

Skreiv her om dagen om det flotte veiret og føret rundt huset på trug...Du verden sø fine dage mi he hatt. Ser verkleg at det nermar seg vår, gradestokken er på eit par minus grader i sola, fugglane kvittrar og kalenderen viser nå mars. Eg førr min del grugleder meg ti all den fine KVITE og REINE snoen reiser. For det vil sei at då sit me igjen med ein grus som heng seg fast på allt veldig mykje jord og leire på alle kantar av husveggane her....Nei, fær nøkk bare snu meg mot sola atte då, å håpe det hjelper på at det turkar fort opp å at det blir grønt utpå sommaren...:)


Her kjæm eit lite bilderas...


































































Syns bilda tala for seg sjølv. Du såg Køsa i fint veir, nermaste nabo ( ei hytte me skimtar), me har fått pipehatt og pynt i inngangspartiet..:)


-N-