søndag 13. mars 2011

Vaskerommi...

Vaskerommi er så ferdigt som det kjem til å vere i ei stund. Så derfor her er ein liten kikk, inn i eit av ei husmor sine favoritt rom. Syns at det var greit å prioritere vekk ei dør inn til detta rommet når det er så nære inngangsdøra. Har fått eit rom som er lyst, fint og praktisk. Har alltid ønska meg eit "sjulekar" til å vri opp klede, å drive med litt uvannte ting som kanskje ikkje egnar seg så godt på eit kjøkken eller bad. Eg hadde f.eks inn mattene i bilane og skyllte dei, glimrande. Ellers andre ting som me har inne her er ting som høyrer til her inne, som har med reingjering og gjere.

På sikt har me lyst på ei benkplate over vaskemaskina og tørketrommelen og eit underskåp til evt vaskemiddel og bytter o.l. Men akkurat nå er det ikkje det som stend høgast på ønskelista. Mykje ana me ønskar oss før det...:)Vaskerommet fungerar veldig bra som det er, og er stor kontrast til korleis eg hadde det på gamle køsa.

På det gamle vaskerommet var det alltid vatn på golvet på våren. Noke som gjorde til at det var betong golv som ikkje blei reingjort ana enn litt kosting i ny å ne. Hadde spindelvev og edderkoppar alle stad, noke som aleine var det største hatet på grunn av at eg trykkt kan sei at eg er GANSKE redd den slags...huff å huff. Eg hadde au eit par typer med sopp på veggane, mykje mus som som gjorde til at ingenting kunne oppbevarst i kjellaren, ei trapp som var veldig bratt og vond å kåme opp med ei skittentøyskørg med klede i gjennom ei luke til kjøkknet. Nei, kan tryggt sei at det ikkje var noken draum, men det fungerte på sitt vis. Rart å tenke tilbake på så tongvindt ting var. Nå kan eg for eksempel dusje mens eg vaskar klede, før gjekk sikringane når eg gjorde det. Heilt klart ein bonus å sleppe rustflekkane kleda au fekk, gronna dårlege rør.





































Eg likar godt den dynnamitt kassa som eg har vaskemiddel i, den gjer seg til det meste og har opp igennom tida fungera som nattbord, hatt steroanlegget på den, aviskørg, blomsterkasse og eit lite bord. Syns den er kjempe fin, og blei ikkje lei meg over at eg fannt fleire på låven på køsa.


Har i helga hatt ein strålande tur på hytta, og det strålande veiret i går blei sett stor pris på av store som små. Me sat i solveggen, leika å aka i mange timar.



Mellt fint veir i denna veka au, så kos deg....



fregnete helsing frå

-N-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar