torsdag 31. mars 2011

Tips.

Det snør det snør, tiddelibom...


Me fekk ein forsmak på vår og bare vegar, sol og mildt veir - nydeleg. Men alt til sin tid, for den kjem, men eg ha rlyst til at me skal ha påske på heia, så me treng litt meire sno.

Eg har tenkt litt kva skal eg skrive om, og kva kan eg vise fram. Bloggen er jau mykje for min egen del for å ha ei slags dagbok, men ser jau au det at det må vere ein stor bonus undervegs å vere til hjelp for andre som skal måtte trenge det. Så derfor her kjem eit lite tips om noke eg syns er kjempe greit.



He du eit bord som treng ein liten slitebuffer?Som kanskje ser litt tørt ut? Då anbefalar eg ein slik bio voks. Enkelt å bruke å eg har ikkje hatt bruk for å bruke den så ofte, føler det varar ei stund.














Ein do er ikkje ein do lengre. Er så mange forskjellige formar og fasongar at du blir heilt vill. Men ein ting eg visste frå eg såg det i katalogen, var at eg ønskte meg ein do, som hang på veggen og som ikkje hadde sisterne. Så såg eg at du kunne få eit system slik at du slepp å ha wc blokk hengande på "ripa", men at du heller kunne sleppe den inn i ei lita "kørg" inn i veggen. Det gjer til at du kan bruke dei same wc blokkane men sleppe å sjå den. Syns det er genialt, både hygenisk og barnevennlegt. Det kan au kansje gjere til at ein slepp eit tett rør på grunn av ein wc blokk på avvege.























Har i dag hatt kjempe koslegt besøk, så nå er det snart senga neste før ein skal ta til på seiste arbeidsdag denne veka og april sin fyrste. Hmmm, grøss å gru med tanke på arbeid på 1.april. Blir ein lura tru...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar