torsdag 7. april 2011

Vår

Mykje som skjer om dagen. Det er vår trur eg mi trykkt kan sei. Sit i skrivande stund å ser bokstavleg talt at isen reiser sin veg i frå vatnet. Då eg sto opp til morgon i dag, kunne eg sjå at ca tvers ovanfor Åmli, at isen starta å reise. Nå i 17 tia he den krypi sakte men sikkert forbi meg å nermar seg Breivik.

Mini ref : Nå ut mæ båt mamma...Når eg sa at sjå der reiser isen. Alle tider he sin sjarm, og det mæ sol og sommar, båt og bading er noke som heng igjen i min lille 2 årings minne...:)

Ellers når det nå nermar seg vår er det mykje ana som au kjem og reiser. Snoen har for min del vore eit veldig kjekkt middel til å ha det ryddigt og reint ute. Og mange har det som meg, for nå er det langt derifrå. Det er gjørme og sand alle stad. I mitt tilfelle har det gått veldig greit, greiare enn det eg fyrst hadde trudd. Det har turka greit opp på midten, der me treng å ferdast men det er nokon kvikksand aktige holer som du ikkje ser at er slik, før ein har trødd oppi og er heldig om skoen blir med opp igjen. Har eit par sko på trammen nå, som var svarte då eg reiste ut, men som er litt brun grå aktige nå. Så eg håpar det fortsett slik som det gjer nå, når det fyrst er så gale at kong vinter har funne ut å svikte påska, at det turkar godt opp før evt det kjem meire nedbør av mengder.

Eg har jau hatt eit par bål ute her under bygginga. Å det ser jau veldig lekkert ut nå - not. Det er ei masse av kol og jord som prydar nedsida av huset. hmmmm....Å ikkje minst restar av diverse brennbart/ikkje brennbare ting som ikkje har fått god nok tid til å tilinntetgjerast. Så det er neste ute prosjekt for min del, rydde vekk noke av det. Er ikkje så veldig mykje eg kjem til å gjere, fordi det er ikkje ferdigt gravd noken stadar. Så då kan dei heller skrape det opp i ei hole, og banke det under det som vil bli plen. Kol er jau bra næring for evt gras som måtte kåme.

Eg har vore så flink at eg har tatt noken bilder i dag. Men det hjelper lite når eg ikkje får dei over på pc en. Nå er me nemmleg tilbake i gamle rutiner, berbare pc en til høvdingen er halvt svensk om dagen. Eg sa han måtte ta den med i frykt for å hive den i ovnen eller noke. Værre irritasjonsmomang for ein analfabet innan teknikk, skal du leite lenge etter. Grrr...tenker eg når den gjeng seinare enn vanleg, eller når den ikkje vil det eg vil generellt. Hahaha...håplaus trur eg at eg er. Men trøsta er at det er fleire som er som meg.


Nei, fær pønske ein plan for bilda. Så er eg plutsleg tilbake (eller ikkje)...haha


Vi gratulere Ingun, Asbjørn og Tarjei med den vesle guten...:)


Ha ein fin dag...håpar du ikkje blæs vekk...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar