onsdag 21. desember 2011

Snart jol...

Eg prøvar meg litt fram med blogging frå mobilen...:)
Dagen i dag har bare vore kose dag i heimen,med joleførbredelsar. Mini i huset har hatt stor glede av å pynte eit lite tre ute i gangen...:)

mandag 19. desember 2011

Adventstid...

Mykje som skjer om dagane...

Men uten den berbare dataen er det neimen ikkje like lett å gå dei ekstra metrane inn på kontoret for å sete seg på datan gitt...*s*

Sia seist har det skjedd ein heil del, og eg har så lyst til å vise det fram. Men blogging frå mobil er noke eg treng eit kurs i...trur ikkje det er snakk om lynkurs ein gong. Å sidan skjermkortet på ein tungtarbeidane berbar pc gjekk fløyten for lææææænge sidan og den stasjonære har litt pms plager (kan i hvertfall minne om det), så får det værre som det er når det itte vært som en sku.

Turen ti ikea he me tatt - to gonger. Og rammer til alle bilda som eg vil ha på ein vegg,spegel, skoskåp og klesskåp er noke av det som har blitt med heim.

I tilegg så har høvdingen dratt fram snekkarbeltet sammen med min kjære pappa, å jammen har det ikkje blitt skåp på the master bedroom au. Det var det eg ønskte meg aller mest til jol, og det fekk eg. Kan ikkje bli bedre enn det...:)

Alle mann på dekk - til og med ho mor. Er så utruleg heldig å ha ein snill mamma med sysertifikat for ekstra vidrekomne sjåførar, så 4 liftgardiner blei det jammen meg au. Bare eit år, eller det vil sei 11 mnd, etter innflytting...hehe...Tek det når ein lissom ikkje har ana å gjere. Så nå er det bare å lyfte på kulen å sjå om eg får hengt opp gardiner dei neste dagane. Kanskje, sei bare kanskje, det fristar til nokk ein runde med glasvask og.


Det er kanskje ikkje rart i nytt hus ein sei at det har aldri vore koslegare med advent og jol. Ei tid der ein gjer om heimen til ei musikkfyllt hus med lukt av bakst og kanskje litt ekstra vaskemiddel i krinkel og krokar. Hærleg....gleder meg sø ti jol. Ingenting som har fått noke plass på førehand, alt må finnast ut på nytt. Lite skår i jolegleda er at eg er grasenke i tre veker denne jola, men mini er veldig klar for jol og jolekos. Så det blir nokk supert for det.


Vil i hvertfall sei at eg kjem sterkare tilbake til neste år. Då med bilder får me håpe....


God jol ønskast til deg og dine....

Joleklæm frå Nina

søndag 20. november 2011




Nå er det jammen eit godt stykke ut i november. Å eg er i hvertfall ikkje i tvil om at eg ikkje er aleine om å pønske å tenke ut korleis årets joleførbredelsar ein skal til med i år. Gleder meg veldig til Alt. Til å med jolevasken ( det skal jau sannt å seiast at den blir ikkje store greiene i år, med tanke på at me ikkje har budd i eit år i nytt hus endå). `Men litt pynting, baking å førjolskos må til. Høvdingen skal ikkje vere heime i jola, slik som planen er nå, å det er eit ganske stort skår i gleden. Men slik er det å jobbe turnus på ei " balje " (les: color line - Viking )som byttar skift i jola slikk at han like greit er vekk tri veker i jola....veldig vannt til det, men kjedleg lell....:)


Nokk om det...Har denna veka tenkt litt på veggpynt her til gards. Den er relativt glissen ennå...:)Så eg var til Seljord å fekk kopiert opp gamle familie bilder som eg tenkte skulle på kåme opp så snart eg kjem meg avgarde for å få tak i rammer på ikea som eg likar så godt. Fleste av bilda er i svart kvitt, men ikkje dei av nyare dato. Veldig spennt på korleis reslutatet blir til slutt.
Det bildet som er på toppen av teksten var tenkt ned hit. Men ettersom eg ikkje har det største hellet i dag vil det på mystisk vis ikkje klyppe å lime inn i dag. Så då tenkte eg drit å dra, bare stå der du...:);)*s*


Ellers har me i nå kåmmet så langt til at me har teke litt mål rundt forbi på dei romma som manglar klesskåp. Skal sete meg ned å tegne korleis eg kan tenke meg det for å høyre med ein snikkar om pris. På rommet vårt det er snakk om eit "skreddarsydd", fordi det ikkje er takhøgde og veggplass som harmonerar med noken av dei "ferdiglaga". Så då er det bare å håpe på det beste. Høvdingen meiner nemmleg at det kjem til å bli veldig dyrt slik eg tenker. Så derfor håpar eg han tek heilt feil i det...:)


Så var plutsleg nokk ei helg over. Å i morgo er det barnehage og arbei.



Ha ei fin veke



-N-

søndag 6. november 2011

Jakt....

Når nettene blir lange, og kulda setter inn...syng Alf Prøysen om musevisa. Ikkje akkurat noke kulde å snakke om her til gards, men mysar derimot er der. Eg har høyrd det rasla og krasla i tak og veggar lenge nå, men bare tenkt som så at det er nødt til å vere utandørs. Kan ikkje vere mus i eit hus som ikkje er eit år gamalt ein gång. Usikker var eg inntil for 14 dage sia...Då vert lydane endå oftare og på fleire stadar. I går bar turen over å kjøpte musefeller, og fangsten i dag var to stk søte små mysar som ikkje levde meire - akkurat slik det skal vere inne i hus. Så jakten fortsett inntil snikkar "andersen" kjem og sjekkar opp i saken og prøvar å gjere noke med problemet.




Lengre ut i musevisa, syng han om att alle skal feire jol i gjen...Å eg har ikkje akkurat slutta å gleda meg til jol. Det har nå kåmmet solide tegn på at den koslege høgtida er i vente. Eg har havna på jolebruskjøyret - jolebrusen over alle jolebrusar er å få tak i.











Har du smaka den " GRUMSA JOLEBRUSEN " ?





Ellers er det jammen meg grått å trist om dagen....Tåke og regn , null sno og kulde. Det hadde vore fint å sett litt kvitt gull på bakken snart slik att ein slepp å sjå på lauv som kanskje burde vore raka. Men utesyslar i form av hagearbeid er sett på pause fram til våren i gjen. Syns det blir veldig mørkt med slikt veir som der er nå.



Ha ein fin dag uansett veir og vind....




-N-

fredag 28. oktober 2011

haustsysslar...

Ull er gull...


Både for store å små....Noken svergar til ull heile året, men det gjer ikkje eg. Syns det er heilt nydlegt å ta det fram når hausten å den friske lufta kjem. Litt ull har me bruka på kroppen, men det er fortsatt for varmt i veiret for å bruke alt. Må spare litt på kruttet eller blir det ikkje noke varme klede til vinteren kjem og den virklege kulda kjem. Me er jau fortsatt godt oppe på + skalan ennå.





Men ull som er i bruk heile året er det nydlege røros ullteppe som er eit fast tilbehør stort sett kvar dag. Trur ikkje eg har hatt noke så godt å varmt teppe noken gong...Og kvaliteten er veldig bra, teppi he nesten ikkje nuppar, og det er godt gjort etter mitt flittige bruk. Teppi er ei gåve, ei gåve eg he sett pris på i mange år, og mange fleire blir det for ein frysepinne som meg...:)

















Mamma fornya sokke garderoben til sine tri "små" døtrar. Det er ein klar favoritt med ullsokkar med den tida me har i vente nå. Å det er ikkje akkurat noke minus att dei er veldig fine å sjå på heller...:)















Her æ mitt tidsfordriv om dagen. Eg heklar eit teppi, akkurat størelsen på det er ennå uvisst, det tek eg etter så mykje eg gidder å hekle...:) Syns dei tri fargane var fine, og eg heklar med alpakka ull slik at det skal bli eit mjukt å godt teppe..:I

















I dag er det kosedag i heimen. Å sidan energien ikkje er på topp er planen å gjere minst mogleg på lengst mogleg tid....:)


Ha ein fin dag i regnet.



-N-

mandag 10. oktober 2011

Green gate..:)

Vi slå eit slag førr geniale green gate i dag.


Syns dei he sø mykji fint i green gate, ti ein heilt akseptabel pris på det meste.
Syns dei dukane dei he er heilt geniale, sidan eg ikkje kan ha noke stort på grunn av små som pressar rundar rundt bord kanten. Endå greiare er det at den fine livsstil butikken i bygda : Oleas hus har eit godt utvalg når fristelsane til fornying blir for store. Då eg var i Bergen, på interiørmesse, kåm eg au over green gate. Det var ikkje så mykje som blei med heim, med tanke på at det var moro å kaupe noke ein ikkje har her heime. For kan ein få kaupe det heime, gjer eg det. Men, ingen regel unntak. For den sukker "bøssa" måtte bli med heim, syns den var så fin. Syns kanskje at det blir litt mykje trim og litt lite sukker, men fin er den. Fær sjå det positive på det, har bedre nytte av trimmen når ein ristar i veg enn ein har av sukkeret. Kanskje nytt navn : anti-grevinne-arm-trenar...hehe...starte tidleg..:)


















Akkurat i dag ligg det ei lita brikke på alle bord i heimen. Å her er det eit lite fat med litt diverse josstakar på å ein liten st.paulia. Trølli ti mini ligg å ser med store augers dag i dag...:)








Her er eit lite haust stemningsbilde....











Å etter hausten kjem vinteren, å med vinteren kjem jola. Her er litt av det eg au kjøpte i Bergen. Ein liten engel, eit englespel som gjer store minni frå mamma si jol frå eg va lita, å to søppar frå riviera maison. Eg har jau ikkje hatt så mykje jolepynt i det lille bøli mi budde i før. Så litt investering må til på den fronten. Litt etter litt...:)Gleder meg...:)











I dag er det kvellsvakt for min del på tapetet.
Ha ein fin kveld....



-N-

tirsdag 27. september 2011

hage terror

Hage terror...


Ein kan neimen ikkje få alt...Eg har bestandig sakt at det er veldig greit og bu her oppe i lia heilt for oss sjølv, uten nerme fastbuande naboar (har nemmleg ei hytte som eg ser, men det er det heile). Ingen sjølvskriven ting selfølgelig at om ein hadde hatt naboar, så hadde ein ikkje hatt så mykje 4 beinte (U)venner her. For min del syns eg at elg gjer seg definitivt best ferdig slakta og pakka i frysaren.

Historia starta som så at det var ein gång eit tre, nermare bestemmt eit plommetre. Som var så lite å fint, nyplanta til å med. Så fekk det fyrst litt stuss i sommar, og hadde ikkje noke vondt av det. Så hadde det blitt så veldig fint igjen og starta å få fleire nye lauv. Til der ein dag blei observert kalv, kjyr, og to oksar på jordet. Høvdingen meinte det var nå greit det var noken som ville ha litt gras på køsa, men det var ikkje før sakt før eg såg at plommetreet hadde blitt RIBBA....Grrrrrrr.....at ein ikkje kan få ha noken ting i fred...
Sø slik ser eit elgegjerde ut på køsa, i hvertfall fram til det kjem litt meire muskelmasse til gards...




Ganske stussleg tre kan ein sei...











Ska sikkert ein orkan til for å rive ned dette gjerdet...Er sikkert ikkje fristande nokk den "tørrpinnen" som er innegjerda at dei gjer seg det bryet å rive det ned. Lov å håpe i hvertfall....:)










Det er i hverfall ikkje noke å sei på denna fine haustdagen...










Bedre seint enn aldri å bløme heller meiner denne rosa. Det er ei rose som stod på gamle køsa, som eg har flytta med og som har klara seg.












Litt fleire blomar og laukar har det au blitt i beddet. Ser jau relativt stussleg ut ennå...Men med tid og stunder så blir det nokk bra..:)










I dag er det kose dag i heimen. Så det er litt huslegt, mykje leik og ein sykkeltur som er på tapetet i dag.

Me har hatt underholding i form av ei snomus som har pila rundt på plenen og ut og inn av blomsterbeddet i dag, til mini å mamma sin store fornøyelse. Artige skapningar, med alt for kjappe bevegelsar til at det blei noke bilde å vise fram.



Ha ein super fin haustdag.

søndag 25. september 2011

Turid turist...:)

By damer...

Det er jammen godt å ha noken høgdepunkt å sjå fram til. Rart er det når dei høgdepunkta ein har gleda seg til så lengeg, plutsleg over. I helga, det vil seie frå tidleg fredag til sein laurdag, var det endeleg klart for jenteturen til Bergen. Det var mamma, mine to systrar og eg som var på tur.
Det var supert og oppleve noke nytt. Hadde kjempe fin tur over Haukeli, med sno heilt ned i veg banen. Eit høgdepunkt å sjå snoen atte, så det er bare å glede meg til den kjem hit au - winter wonder land....Så bar det strake vegen over til Bergen , å det med fint veir til og med. Me var på handel og interiør messe fyrst, og det innebar inspirasjon og litt handel...:)Messa var nok kanskje ikkje fult så stor som me håpa på, men absolutt bra til og vere fyrste gongen den blei arrangert.

Seinare i kvellinga bar det opp/ned fløybanen, noke som var veldig fint å få med seg. Typisk turistar i Bergen...hehe...Så var det gå på brygga og ende kvelden med ein alt for sterk pepper biff på Egon resturant.

Dagen etter var det shopping for alle penga, før snuten blei snudd heim over til over trøtt mini som var heime aleine med bestefar....:)


Sum sumarum - knall tur.....:):)

Dette var ei avsporing av det som bloggen min enkleg innheld. Men fekk handla litt til huset som eg håpar eg får vist fram ved ein seinare anledning...:)


I dag er ferien min på to dagar over, og eg skal på kveldsvakt atte...:)

Ha ein fin (jakt) dag ....i dag er dagen som for mange er like viktig som jola, nemmleg jakta på elg starta...:)

lørdag 10. september 2011

Tiden flyr...

Tiden flyr, å vi med den...det sei i hvertfall ordtaket. Å det stemmer nøkk.

Mykje ein tenker seg til at ein skal få gjort i løpet av ei viss tid, men det er ikkje alltid det blir som ein tenker og at det bare blei med tanken. Som f.eks målinga her i huset. Huset fekk dei kvite karmane og så blei det med det i år. Eg for min del vil i hverfall sei at det verste er gjort. Så startar me med ny giv til våren...:)



I dag har eg lyst til å fortele om ei litt artig start på noke eg trur kjem til å bli veldig moro.....:)
Nede på bloggelista mi kan du sjå at eg har lakt til ein blogg som heiter emmeline. Dette er ei dame med mykje humor og ei utruleg evne til å få ord bli til bilde i hovudet ditt, som gjer til at du enten gliser, ler eller gapskrattar. Ho er i frå Bergen. Så ein dag kåm eit inlegg, som syster mi Elin var fyrste mann ut til å lese. Interiør og Boligmesse i Bergen var hovedoverskrifta. Det såg så moro ut så Elin ringa meg, og sa det hadde vore fristande å reist, eg skulle au lese på bloggen. Dagen etter ringa eg Elin - MI REISER...detta vi mi. Mamma å den andre systra økkes Irene var ikkje vonde å be dei heller....sø om 14 dagar er det eit stykk bil, 4 shopping dyktige lauvraks jentur på tur til Bergen by... Det er ei messe som du faktisk kan kjøpe tinga som er utstillt. Ref frå bloggen til emmeline :

Noe av det Emmeline syns er gøyest med denne messen er at det er en SALGSMESSE! Grieghallen blir med andre ord gjort om til en gigantisk fristelse av interiørdelikatesser, og så kan man rett og slett shoppe så mye man orker. Interiørbutikkene stiller ut side om side, og her vil du finne de aller kuleste butikkene med utrolig lekre varer! Grieghallen skal ha egne vrimleområder, loungeområder, kaffebarer og kafeèr, og det blir mulig å tilbringe hele dagen her:) Søndag ettermiddag blir det også mulig å gjøre kupp, når messemøblene legges ut for salg!

Retsen av innlegget kan du lese her :
http://emmelines.blogspot.com/2011/09/interir-og-boligmesse-i-bergen-endelig.html




Åååå som æ glær mæ...:) Blir du frista?? Ta turen du au vel!



I dag venstas det stor inntykk av mine sysken, tantebarn, foreldre og svigermor over ein stor kjele med komper...MMmmmm det beste eg veit...Så det er bare å håpe på at det blir bra denna gongen au, sidan det bare er andre gongen eg lagar det. Eg har skrella to posar med jordeple så trur å håpar det bli vellykka å at me blir mette..:)


Ha ei super helg om det dyrskuen , jakt eller bare innekos på programmet.



-N-

lørdag 20. august 2011

Ting me har fått gjort.



Litt "småtteri" som he vore igjen har blitt gjort - endeleg.



Det er ting av ymse slag som me har fått gjort den seiste veka. Det har vore litt måleveir, så nå har me kåmi litt lengre på den jobben. Men ser svart på å bli ferdig, med tanke på at det er ikkje mykje opphald over fleire dagar, og er heller noke rått om nettane. Så for å unngå bubblete veggar prøvar me å ta forhandsreglar.






Ei veldig sjarmerande dynamitt kasse som blir bruka til vaskemiddel på vaskerommi den er ikkje av ny dato, men er veldig fornøgd med den så tenkte eg starta med å vise den.












Fekk i dag sauma endane på kappa, og hengt opp gardin på vaskrommet og boden. Blei veldig fornøgd med utført jobb, ettersom kappa har liggi i posen i 3 viker. Å sy er heller ikkje noke eg gjer ofte. Men syns faktisk det gjekk over all forventning. Hehe...Men sjangsen for at eg gjeng noken syersker i næringa er ikkje så stor. * s *












Boden er grei nok, men ikkje slik som me ser føre oss at den skal vere. Me flytta med oss dei gamle klesskåpa frå det gamle huset å sette inn noken blant ana her inne. Veldig greit å ha yttertøy å diverse her. Har au kjøpt billege skoskåp på ikea, som fungerar greit nok til me gjer ei permanent løysning...











Det er noken detaljar på gardina. Syns dei var veldig fine og er kjøpt hos Berit på farge & gåvebua. Syns eg har vore veldig heldig som har funne fine kapper til kjøkknet og nå desse.









Boden nesten i sin heilhet....:)











Høvdingen har i dag klyppt halvparten av jordet på nedsida av huset. Ikkje akkurat det beste redskapet for å slå jordet med - men man tager det man haver. Det er godt å ta langs kantane, for det gror fort opp noken tre som me ikkje treng fleire av.









Glaskarmar og hjørnekassene har fått 1 strok med visir og to med måling i løpet av sommaren.










Å inngangspartiet har fått farge istadenfor trekvitt....:)











Sommaren er over for både meg å mine blomar sin del. I all ergelse over stygge blomar, så kjøpte eg meg haustblomar i staden. Lyngen lyste fint opp i nyshina inngangsparti...:)














Så nå når sommaren er over, har eg starta å glede meg til jol...hehehe....det er heldigvis ei stund til. Men ser heilt klart at eg kjem til å kose meg meg den fyrste jola i nytt hus.




Er det bare mine sommarblomar som ser ut som dei har sett sine bedre dage??




Ha ein fin fin laurdagskveld..:)

Flåklypa og laurdagsgøtt hera i husi..:)

mandag 8. august 2011

Spontant kaup..:)



I dag tenkte eg at eg skulle vise det kuppet eg å høvdingen gjorde då me var på shopping forrige gång han var heime. Me har lenge syns at stoga har vore litt tom, og at me har hatt for få siteplassar. Så me ville ned å kaupe noken godstolar, som me kunne bruke i tilegg til soffan.

Turen gjekk til kristiansand, med kapellhengar. Me hoppa frå stol til stol, frå butikk til butikk. Så fannt me noken stolar, fannt fram stoffprøver, sette oss i ein soffa for å sjå nermare. Så var det gjort - me blei solgt - eller det vil sei soffan blei solgt. Soffan me sette oss i var så fin, praktisk og stor.:):)


Så etter me hadde sikkert vore der i ein time, fannt me ut at me skulle gå i nabobygget og ete litt å tenke på det (nydleg kina mat by the way). Så bar det tilbake like ubesluttsomme. Høvdingen va faktisk den som var mest ivrig men EG var den som argumenterte mot. Ikkje sjønnar eg, men slik var det i hvertfall. Så etter nok ein time, var soffan betalt, pakka og gnudd inn i hengaren. Det var halve moroa, at ein fekk den med seg med ein gång...:)

Syns sjølve at me var veldig spontane, og tenkte på forrige gång me hadde ein lignande tur. Skulle ha hagle , å kåm heim i gjen med ein bil....hahaha...komisk...Endå værre var at det var ein drit bil. Men det er ei ana historie...:)

Med på kaupet fekk me med eit fint flossa teppe. Heilt nydlegt å gå på, og mini ligg ofte på golvet og kosar seg med barnetv..:)











Nina har sakt ho ikkje skulle ha "sjeselong", men vips. Soffan var lissom allerede i eit ferdig oppsett, så det vert som det vert....













Her er eit kosehjørne i soffan. Det er breiare pute og er meire tilbakelent i ryggen...:)









Fargen er brunmelera, veldig praktisk så blir ikkje flekkane så synlege.














Har etter 14 dage fortsatt ikkje fått noken fast plass. Alt til sitt bruk...:)




- N -




Ps. Elin om du les detta : du må førtsatt kåme å prøve den førr det om du he "sett den"..:):)

søndag 7. august 2011

Eit liti husmortips...

Det magiske hvite pulveret


I dag tenkte eg faktsik å slå eit slag for eit genialt husmor tips. Bakepulveret kan brukast til ana enn å bake med.
Har denna veka vore så heldig å få kjempe fin fisk, mestparten har vore rensa, men ikkje den eg fekk i gjår. Det er jau ikkje noke problem å rense den, det er bare ikkje så koslegt noken timar seinare, å fortsatt inhalere fiskelukt mens ein et andre ting. I går var det smågodt - med fiskelukt - mmmmm. Det resulterte i at ein ikkje åt så mykje, så kanskje det er løysning på det problemet...haha.

Eg har prøvd ut bakepulver på lukt i skåp før - med veldig god effekt. Så eg tenkte det skadar nok ikkje å prøve å vaske hendane med det. Så tenkt så gjort. Å det virka - heilt utruleg. Akkurat kva for mengde ein skal bruke å slik må ein bare prøve seg fram. Søkte på netti å fannt fleire tips, sjå bare her :

















Mat til uteblomstene

Klematis og peoner er glade i bikarbonat til middag. Bland to spiseskjeer i to liter vann. De viser sin takknemlighet med store og vakre blomster, ifølge Readers Digest.


Behandle brannskader

Har du brent deg på ovnen? Hell endel bakepulver i en bolle med vann og isbiter. Dynk gasbind i oppløsningen, og legg på brannsåret. Gjenta til det ikke lenger føles varmt der du brant deg. Mange slipper også blemmer etter en slik behandling.



Hygienehjelp

Bland en spiseskje bakepulver i et halvt glass vann etter å ha spist løk eller hvitløk. Bakepulveret nøytraliserer den dårlige ånden. Denne blandingen kan også lindre munnskold. Bruker du bakepulver i tørr tilstand i armhulene nøytraliseres også svettelult. Du lukter ikke blomster eller parfyme etterpå, men du lukter i alle fall ikke vondt.


Mørne kjøtt

Gni biffen inn med bakepulver, og legg det i kjøleskapet i tre til fem timer. Rens kjøttet godt før du steker det. Kjøttet smelter i munnen!


Tar bort lukt

Lukter det vondt i skoskapet? Fyll tåen av en ren sokk med bakepulver, tre til fire spiseskjeer, og slå en knute øverst. Legg sokkene i skapet som lukter vondt. Bakepulveret absorberer lukten. Dette funker også i kjøleskapet, men da kan du ta bakepulveret i en kopp.


Kortvarig lindring av tannpine

Rør en halv teskje bakepulver og en halv teskje salt i et vannglass. Skyll munnen i tre til fire minutter, og tannpinen holdes i sjakk til du får kommet deg til tannlegekontoret.


Hvitere tenner

Nei, bakepulver bleker ikke tennene, men fjerner misfarging og du får hvitere tenner. Det skal også hjelpe mot ising, og er bra for tannkjøttet.




Husvask

Sitron, eddik og bakepulver er bra hvis du vil rengjøre uten vaskemidler. Hvis du foreksempel vil rengjøre en skitten ovn skal du fukte innsiden av stekeovnen med vann før du påfører bakepulver. Sett ovnen på 50 grader over natten. Neste morgen vil det være mye lettere å rengjøre.


Bedre prestasjoner

Får du i deg to til tre spiseskjeer bakepulver et par timer før trening, kan du oppnå prestasjonsøkende effekt, ifølge Sosial- og helsedirektoratet.

Det er gjort mye forskning på inntak av bikarbonat, og forskningen peker entydig på at inntak av bikarbonat (altså bakepulver) har en prestasjonsfremmende effekt på øvelser som utføres med nær maskimal intensitet, og som varer i 1-7 minutter.


Bomber

Bakepulver, kinderegg-beholder og vann = bombe!
Det gjorde me jau mykje som ongar. Veldig moro, heilt til me laga veldig mange, som eksploderte på kjøkknet til tante...Ehh, plutsleg ikkje moro lengre. Virka som det hadde formera seg, alle stad...haha






I dag er det fisk på menyen her i huset seinare i dag, så bakepulver vask er nok i bruk igjen då..:)


Ha ein fin dag, kos deg i regnet...:)

tirsdag 2. august 2011

Ettertanke

Det er ei stund sidan det har blitt eit nytt inlegg her. Syns ikkje det har passa seg med noke innlegg med tanke på alt det grusomme som har skjedd. Har tenkt som så at mine nyaste kaup eller gjeremål har vore lite å skrive om. Å i slike stunder som det har vore etter terroren blir ein tom for ord - men ein har dei i tankane.











( bilde tatt frå interflora)







Eg kjem nokk innom igjen snart.





Ha ein fin sommar dag

tirsdag 19. juli 2011

Lykter med nytt liv

Den seiste tida har lyktene me har hatt på trammen starta å gulna endå meire og rusta litt. Syns ikkje dei var så fine lengre, så istadenfor å kaste dei spraya eg dei kvite. Syns dei fekk nytt liv, trass sig både histen og pisten. Dei vert i hvertfall finare enn det dei var før.
Det synast ikkje så godt på bilda, men dei var ganske gulaktige, dei såg rett og slett svarte ut.
























Så ein sprayboks seinare ser dei slik ut:















Heilt kvite med litt sig histen og pisten...hehe...jaja...ikkje så mange som legg merke til det i forbi farten..:)Sprayen kjøpte eg på clas ohlsen for ikkje store slanten.




Då er dei 4 goe ferie vekene mine over og det er tilbake til kvardagen. Så ferien frå huslege sysslar er og oppheva...:);)



Ha ein fin dag og kos deg i regnveiret...:)

søndag 10. juli 2011

påfyll i stoga?

Trur den minemalistiske stilen i huset ikkje er heilt godkjennt av høvdingen.
Me ser ofte det at når me får besøk blir det fort fullt i sofaen. Så me er på utkikk etter noke me kan fylle opp med i stoga, og som me kan site i. Ein god stol eller to.
Eg har lyst på stoff, høvdingen kåm med eit godt poeng om skinn og reinsleghet. Men trur ikkje det nådde heilt fram til meg. Me er derfor på utkikk etter noke som sei : hei, eg skal bu på køsa! *s*


Eg har sett på dessa to på bohus. Men uansett så er det sjelden eg er så bestemmt at eg klarar å bestemme meg før eg ser dei "live". Dei må prøvast og sjåast på før ein bestemmer seg. Syns ofte bilda kan vike litt på stoff og slikt.




























Har du noken tips til fine stolar...?




- N -

søndag 3. juli 2011

Litt frammgang..:)

Tida flyg.

Det ser ein veldig når ein har ongar i hus. Plutsleg va det dagen før dagen, å mini her i husi va 3 år..:) Dagen har me feira i dag, å d var stor stas for liten gut.


Då gjestene hadde reist, var det å hoppe i arbeidskleda. Eg fekk måla rundt 4 glas og varandadøra, og er veldig fornøgd med det. Blir så mykje finare med eit lite strøk med måling, då pynte klossane rundt glasa var trekvite. Lite skår i gleden er at eg ikkje er halvegs, og har fremdeles igjen strøk nummer to på alle sammen...guddi guddi..:) Men alle monner drar, og sidan veiret ikkje er heilt måle veir - så rekk me det me rekk.




















Ellers vil eg vise mitt nyast innkaup. Ein pose med sand som fungerar som dørstoppar. For å beskytte døra frå å bli stygg, så fungerar den supert. Syns au den va fin. Så alt i alt, heilt supert. Endå bedre er at den er kaupt her i bygda - farge og gåvebua. Eg har ein til ytterdøra au, som stangar i mot ei "potte" eg har ute. Potta er eit grisetrau, så den har kantar som er skarpe i møte mot døra.




















Då var kvelden jammen her, og eg må prøve å pakke meg ferdig til tur til vestfold. Reisa startar på køsa i morgo når me er ferdige, så til tønsberg på besøk til ei veninne. Tirsdag er det endeleg den store dagen for Håvard. Me skal vere med høvdingen på bøljan blå, plaske over dammen ein tur og ligge på båten. Det kan jau bli intresant med tanke på at lugaren er nøykatig så liten at du får inn ei reise seng og då var all golvplass bruka opp. Men alt går for ei nått. Veldig moro for stor å liten her heime å treffe mannen å pappa midt i perioden. Så går me av båten tidleg på onsdag, så då går turen til Ingrid å gutta boys i porsgrunn...:)
Mykje å sjå fram til med andre ord...:)





Snakkast....:)

lørdag 2. juli 2011

hjelp å få..:)

Litt hjelp må til...:)




I dag va eg burt ti Lillian å fekk litt hjelp mæ den ellers sø ganske kjedlege sia mi hera, mæ sø mange feil på. Sø nå fekk mi lasta ned eit nytt programm ti å årdne bilda i. Håpar på å få det ti sjav au slik at eg fær ei sie eg he lyst ti å førtsette mæ. Veldig greit mæ sø snille veninner mæ datakunnskapar...:)




Her ser du bildi av korleis det har blitt i grove trekk rundt veggane hera. Det er litt grønt på alle endar og kantar her nå. Kanskje ikkje så rartt, med tanke på veiret me har hatt fram til nå. Varmt og vått er tingen for å få det til å gro. Eg klyppte plenen på tirsdag, og det ser allerede ufrisert ut igjen.






Her er det i hverfall ikkje problem å sjå at eit av dei 4 uttaka til dreneringa fungerar. Det renn godt i dei for å sei det slik.


















Her er det måla eit strøk på dei to nederste glasa. Syns det blei veldig bra. Stigen står på plass til skrekk å advarsel om at her er det håplause jentur som he gjett opp. Stå i stige er ein av mine mange ting, som eg ikkje er god på. He ikkje problem med høgder, men stige. haha..:)








Er litt små pirk igjen på steinlegginga. Men det er ikkje noke du ser på denna avstanden..:)Syns sjølve det blei veldig fint og reinslegare uten sand heilt innat huset.













Sørveggen.













Ellers er det bursdag feiring som står på planen for morgo dagen. Så då må det kanskje litt baking til i kveld. Pavlova terte og sjokoladekake er planen,...:)




Plutleg tilbake.........



-N-