fredag 28. oktober 2011

haustsysslar...

Ull er gull...


Både for store å små....Noken svergar til ull heile året, men det gjer ikkje eg. Syns det er heilt nydlegt å ta det fram når hausten å den friske lufta kjem. Litt ull har me bruka på kroppen, men det er fortsatt for varmt i veiret for å bruke alt. Må spare litt på kruttet eller blir det ikkje noke varme klede til vinteren kjem og den virklege kulda kjem. Me er jau fortsatt godt oppe på + skalan ennå.





Men ull som er i bruk heile året er det nydlege røros ullteppe som er eit fast tilbehør stort sett kvar dag. Trur ikkje eg har hatt noke så godt å varmt teppe noken gong...Og kvaliteten er veldig bra, teppi he nesten ikkje nuppar, og det er godt gjort etter mitt flittige bruk. Teppi er ei gåve, ei gåve eg he sett pris på i mange år, og mange fleire blir det for ein frysepinne som meg...:)

















Mamma fornya sokke garderoben til sine tri "små" døtrar. Det er ein klar favoritt med ullsokkar med den tida me har i vente nå. Å det er ikkje akkurat noke minus att dei er veldig fine å sjå på heller...:)















Her æ mitt tidsfordriv om dagen. Eg heklar eit teppi, akkurat størelsen på det er ennå uvisst, det tek eg etter så mykje eg gidder å hekle...:) Syns dei tri fargane var fine, og eg heklar med alpakka ull slik at det skal bli eit mjukt å godt teppe..:I

















I dag er det kosedag i heimen. Å sidan energien ikkje er på topp er planen å gjere minst mogleg på lengst mogleg tid....:)


Ha ein fin dag i regnet.



-N-

1 kommentar:

  1. Ull æ gull det æ heilt sikkert! Kjempe fine søkkar mamma din ha strikka og koseleg teppi du heklar, fine fargar :) Go hæg til deg og dine!

    SvarSlett