lørdag 28. august 2010

Kledning..:)

Det tettar seg til på Køsa...

Då har det starta å tetta seg med ting ein ser att til seinare, kledninga kjem på. Det beste av det heile er at det er kledning med grunning og eit strøk med måling. Så det betyr at me treng bare å måle eit strøk på huset. Noke som passar oss bra sidan det har blitt ein del måling på garasjen. Tenker på grøss å gru om me hadde skulla hatt tri strøk på huset au. Det er heller ikkje noke pris å snakke om i forhold til tid, energi og kostnad på måling og utstyr.
























Her stoppa det opp fram til inngangspartiet blir starta på til veka.











Me har au fått septikk tanken på plass...:) Resten av det som skal gravast skal startast på etter elgejakta, ca tri veker til.










Ellers tok eg den fyrste rydderunden inne i huset, sopa å plukka spiker. Blir sikkert ikkje den seiste gongen...:)


Ha ei fin helg...so long

onsdag 25. august 2010

Prosjekt fullført..:)

Gøtt førr allt som er gjort..:)

Det har den seiste tida vore litt inneveir ( det er alldri så gali att det ikkje er godt for noke ), så har blitt gjort litt med prosjekta mine.

Fått sabla god hjelp med møbeltrekkinga, sidan eg ikkje heilt veit hørr symaskinsertifikatet er, så har mamma tatt den biten. Mens eg bare har vandalisera ex antall spiker..:) Når eg bli stor, ska eg bli handy eg au...:)

Her ser di noke av resultatet...

Slik såg soffoan ut før mi starta. Stoffet har sett sine bedre dage, det har faktisk vore blått og gult..usj...:)










Soffan blei kjempe fin den au, og etter at høvdingen skrur armelena er dei klare for å bli plassert som ei gruppe i loftstoga...Manglar bord mæn kanskje eg er heldig innan me flytter inn..:) Forslag til noke som kan vere eit passande bord eller plass eg kan finne eit??




















Slik såg skåpet ut før eg starta.










Så var det skåpet etter tri strøk med måling...Syns det blei veldig fint og finare blir det med knottar og litt stæsj ti pynt i husi økkes..:)

























Det har skjedd saker og ting på Køsa au...sø det poppar nøkk inn eit innlegg ein dag ska du sjå..:)


So long ...:)

mandag 23. august 2010

Lita oppdatering..:)

Det har skjedd litt på Køsa nå au. Er noken dage sidan eg var og såg seist. Er ikkje i det store bloggemodusen i dag, men her er noken bilder som de kan sjå på..:)




Blitt dårleg mæ slåtten i år..Gamal slåmaskin, som høvdingen he modifisera litt..Har den bak atv`en og tøffar avgari..:)













Ser i gronn ut som det er smurfane som bygger her - smurfeblått..


















Tankane flyg ti dei som ikkje he det sø gøtt i dag...

torsdag 19. august 2010

Blomsterglede på ettersommaren..

Er i grunnen ikkje så mykje ein har fått site ute i sommar. Ikkje bare fordi at det ikkje har vore sommar med stor S. Men ein har kanskje ikkje vore så arbeidsledig som tidlegare år..:)

Men i regnet i dag tenkte eg på dei fine blomsterbilda eg tok for ei lita tid sidan, å tenkte derfor at kanskje di ville sjå.




Syns dei kvite georginune her æ kjæmpe fine.















Dei rosa georginune er minst like fine..










Det er så fint fargespel i den rosa georgina syns eg.










Kvite liljer









Rosa liljer som stend i skogkanten på Køsa. Dei har overlevd flyttinga ut i bushen, og krever null stell - det er i hvertfall det dei får..:)










Søte rosa fyllte roser...












Til slutt litt av hagen ti ho mor...












Haustfølelsen har kommi snikande denna veka. Er kanskje ikkje så rart med tanke på at det regnar kvar dag, er mørkare om kvelden og ein ser at flestparten er tilbake på skule,jobb og barnhage. I år kan eg trøste meg med at det er ein haust som kjem til å gå fort, og når den er over er huset ferdig..:) Det er fremdeles meininga me skal vere inne til jol..:)


Ha ein fortsatt fin dag i regnet...

lørdag 14. august 2010

Oppussing av stol

I dag er den andre stolen blitt ribba for det gamle stoffet og ein million spiker - nesten...hehe.. Ikkje fullt så mange, men dei satt hardt og ja det var mange av dei. Stolane er noken som stod igjen på Køsa, som høvdingen he arva etter besteforeldra sine.




Slik såg stolen ut då me starta.








Orginaltrekket ser nå grøn/brunt ut. Men fannt ut til lengre me såg inn i stoffet at den har vore blå - mørk blå. Litt falma kan du sei. Å du verden så mykje støv å diverse ana krims krams, sikkert frå attenhundreogfjorten..:)









Slik ser stolen ut i ribba tilstand.














Stolen stort sett ferdig. Eller manglar litt på ryggen, men det stoffet på baksida skal spikrast på. Og sidan spikrane ikkje var så lette og få ut heile og rette, så bar det til Vrådal i dag for å kaupe det og vatt. Brukar vatt for å få litt mjukare møbel, for det er stort sett strie og plank det bestend av når me har ribba den. Og gamle fjøyrer, så stolen er god å site i, men låg.









Då ser du eit resultat av litt demoliton arbeid frå mi side, mor sine gode sy egenskapar og pappa sine ferdighetar for å få ut umøglege skruvar.







For dei som ikkje ser det, er stoffet brunt. Syns det vert mykje finare på stolen enn då var laust. Kjøpte stoffet tidlegare i sommar då eg var på stoff og stil i Kristiansand. I grunnen ikkje mykje møbelstoff å velge i, men trur dette blir veldig greit...:) Eller ka du tru??


Morgo dagen byr på meire sol, så det blir nok ikkje gjort noke før kvelden. Men håpet er å fortsette litt på neste stol. Evt. hente soffan og starte å ribbe den.

Ha ein strålande fin sommardag i morgo...

fredag 13. august 2010

Mange jern i ilden

Fleirbrukshus...

Eit fleirbrukshus er eit hus med mange funksjonar. I dag trur eg jammen husi økkes fungera søm det. Hujei som det har regna i det seiste. Laga om både stoge og kjøkken om til eit basseng. Då me støypte grunnmuren var det for lite regn, så det blei noken sprekkar hist og pist. Å nå vil me gjerne halde det tørt fram til taket kjem på plass, men den gang ei. I staden kan eg ta opp kampen med basseng størrelsen i Høydalsmo. Rektig nok vil eg tru dei har djupare og bedre sikt i vatnet, men det er på lengda mi konkurerar...:)



Kjøkknet/plaskedam...











Kanskje eg kan ha vassliljer eg au??!..:)I støga...











Her er huset straks ferdig lekta på øvre sida. Det blei ferdig like etter bildet vert tatt..:)










Å seiste sida av taket påbegynnt. Trur nok dette er den verste sida, grunna arken.









Ellers er det ikkje ut ifrå bilda vanskleg å sjå at det ser ut som eit anleggsområde/slagmark på Køsa. Material og sager hist og pist. Men det er slik ein ser at her jobbast det.

Statusen på garasje målinga er : snart ferdig - BARE i gjen eit strøk på ditt å datt..

Status på oppussingsobjekt leikekasse ti å ha ute : 1 strøk i gjen

Status på omtrekking av møblar ( to stolar og ein soffa) : ein stol ferdig, neste stol på begynnt.

Status på skåp : eit strøk i gjen...
(Bilder kjem seinare - some day)

Konklusjon : IKKJE arbeidsledig med det fyrste...:) Mange jern i ilden..


Ha ein fin kveld...Natta

tirsdag 10. august 2010

Vindtett..:)

Det er bare fryd å gammen å vere på Køsa om dagen. Framgangen er bra, og det har skjedd ein del den seiste tida.

Dei starta faktisk med å legge på den vindtette duken på taket i dag, resten av huset har blitt ferdig dekt i all sin blå prakt ( sjå forrige innlegg). Då er det bare å glede seg til me ser panel og takstein kjem på plass.

Statusen på målinga er au god. Det er bare ein dør karm som der ikkje er to strøk på nå i fyrste "etasje". Var i årdentleg drivet i dag, så gjekk me tome for måling - TYPISK. Å sidan eg likar best jotun, er det nesten tre kvarter og kjøyre til nermaste forhandlar i Skreosen. Men ein blir ikkje arbeidsledig av den grunn. Fekk metta endane på panelen ein gong rundt.



For att det skal vere litt bilder i innlegget, legg eg med bilder av "kuvøseblomane" til ho mor. Det er vassliljer som ho har i "kuvøser" om vinteren og driv fram i gjen om våren.

Her ser du au matbrettet til dei tri aurane som liver i hagedammen på Lauvrak bak lilja.







Dei kvite liljene har blitt henta i tjønna på snarteland, mens den lilla er kjøpt.










Her er det ei fin lita kuvøse lilje som er lilla. Kjempe fin, men stod ikkje lenge på før den lukka seg igjen.










Ha ein fortsatt fin kveld....:)

onsdag 4. august 2010

O` lykke..:)

Åj åj åj...

O`lykke...etti nøken dage mæ full fart forover ser mi at saker å ting skjer. Dei starta i gjår å sete på den vindduken på huset. Svinga innom i ettermiddag for å sjå.

Så fekk me greie på at glasa er under produksjon i kviteseid, og døra likeså. Taket skal startast på til veka, og dei håpar om ca ein månad at huset er tett. Så då kan ein bare håpe på at det går like greit som det høyrest ut som.



Her ser du dei he starta..:) Etti eit par timars arbeid. I dag va det tri veggar som va ferdig.









Her æ veggen mot røysa, mæ ein liten mini høvding i glasi ut i frå boden.









Her kikkar høvdingen ut varanda døra.









Her ser du kjøkkni. Eg syns det ser veldig liti ut, men trur ikkje det er det. Merk TRUR.*smiler* Vanskleghetar med å sjå antall m2 å sjå kor stort det er i virklegheten. Men det er i virklegheten nå, men fremdeles vanskleg å sjå før veggane kjem..hehe...ikkje bare ein ting..:)











Å her ser du der den to fløya døra skal stå. Trur det blir kjempe bra. Nå er det ei stor sag som okkuperar framsida som di ser...




2248.JPG">





Lita oppdatering...Ha ein førtsatt fin kveld...

mandag 2. august 2010

To stig fram...:)

Så gjør vi så når vi maler vår vegg...tralalala...


Mi målar å målar, å mi ser nå ein ende. Er ferdig med veggane nå, så då er bare resten igjen. Å med resten er det vinskei bord, glaskarmar og mette endane på borda. Så blir ikkje arbeidsledig med det fyrste. Satsar på bra veir resten av ferien så tenker eg at me kjem i mål.


Snikkrane er i full fart forover modus, så planane deires er å dekke til huset med vindsperre (usikker på om det heiter det, men det er ein duk frå topp til botn av huset). Snikkrane er fremdeles litt i feriemodus, så i dag gjekk dei å knegga å lo. Det høyres ut som dei kosar seg litt, trass i dritarbei..:)



Huttetu så full som garasjen er. Det er ein av tinga som er postivt med at det er midlertidig lagring, for slik som der er nå - er det kaos. Alle tinga stend lagra hulter til bulter, å nå har eg vert å rota litt for å få fram diverse av det eg ikkje planla at eg trengte det neste året. Mini sit i soffan som er neste mann ut på uppussingslista, og passar på at pappa legg plankene rett på løebrua og at mamma var stø på handa då ho måla glas..Den lille konsulenten i familien..:)







Som du ser er glasa kvite og løebru ser ut som eit trekkspil. Men allt til sin tid, så får me satse på at resusltatet blir bra...:)








Så he du sjova sjav søm æ i gang mæ målekosten. Seiste lille flekken atte. Det seiste lille partiet yvi magebåndet frå takrenna og burt gav høvdingen måleførbud. Det er på grunn av eg har spurt veldigt fint, blunka mæ viftune å fekk godkjennt eit liti tak til å henge klesvask under. Så då må delar av panelen av i gjen. Trur det blir veldig bra og praktisk.








Så slutt resultat av eit glas ned mot vegen. Ta med i betraktning at det er gjenbruk på glaset og at det er fyrste strøket. Det ser ikkje direkte fint ut, men det blir greit nok. Blir nok bedre om me får på sprosser på dei glasa. Må bare finne dei me vil ha - til rektig pris.








Ellers blir det litt feriering i mellom slaga. Så det går litt tid mellom det er noke å rapportere om. Mæn i`ll be back..so long...