torsdag 19. august 2010

Blomsterglede på ettersommaren..

Er i grunnen ikkje så mykje ein har fått site ute i sommar. Ikkje bare fordi at det ikkje har vore sommar med stor S. Men ein har kanskje ikkje vore så arbeidsledig som tidlegare år..:)

Men i regnet i dag tenkte eg på dei fine blomsterbilda eg tok for ei lita tid sidan, å tenkte derfor at kanskje di ville sjå.




Syns dei kvite georginune her æ kjæmpe fine.















Dei rosa georginune er minst like fine..










Det er så fint fargespel i den rosa georgina syns eg.










Kvite liljer









Rosa liljer som stend i skogkanten på Køsa. Dei har overlevd flyttinga ut i bushen, og krever null stell - det er i hvertfall det dei får..:)










Søte rosa fyllte roser...












Til slutt litt av hagen ti ho mor...












Haustfølelsen har kommi snikande denna veka. Er kanskje ikkje så rart med tanke på at det regnar kvar dag, er mørkare om kvelden og ein ser at flestparten er tilbake på skule,jobb og barnhage. I år kan eg trøste meg med at det er ein haust som kjem til å gå fort, og når den er over er huset ferdig..:) Det er fremdeles meininga me skal vere inne til jol..:)


Ha ein fortsatt fin dag i regnet...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar