fredag 13. august 2010

Mange jern i ilden

Fleirbrukshus...

Eit fleirbrukshus er eit hus med mange funksjonar. I dag trur eg jammen husi økkes fungera søm det. Hujei som det har regna i det seiste. Laga om både stoge og kjøkken om til eit basseng. Då me støypte grunnmuren var det for lite regn, så det blei noken sprekkar hist og pist. Å nå vil me gjerne halde det tørt fram til taket kjem på plass, men den gang ei. I staden kan eg ta opp kampen med basseng størrelsen i Høydalsmo. Rektig nok vil eg tru dei har djupare og bedre sikt i vatnet, men det er på lengda mi konkurerar...:)



Kjøkknet/plaskedam...











Kanskje eg kan ha vassliljer eg au??!..:)I støga...











Her er huset straks ferdig lekta på øvre sida. Det blei ferdig like etter bildet vert tatt..:)










Å seiste sida av taket påbegynnt. Trur nok dette er den verste sida, grunna arken.









Ellers er det ikkje ut ifrå bilda vanskleg å sjå at det ser ut som eit anleggsområde/slagmark på Køsa. Material og sager hist og pist. Men det er slik ein ser at her jobbast det.

Statusen på garasje målinga er : snart ferdig - BARE i gjen eit strøk på ditt å datt..

Status på oppussingsobjekt leikekasse ti å ha ute : 1 strøk i gjen

Status på omtrekking av møblar ( to stolar og ein soffa) : ein stol ferdig, neste stol på begynnt.

Status på skåp : eit strøk i gjen...
(Bilder kjem seinare - some day)

Konklusjon : IKKJE arbeidsledig med det fyrste...:) Mange jern i ilden..


Ha ein fin kveld...Natta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar