lørdag 14. august 2010

Oppussing av stol

I dag er den andre stolen blitt ribba for det gamle stoffet og ein million spiker - nesten...hehe.. Ikkje fullt så mange, men dei satt hardt og ja det var mange av dei. Stolane er noken som stod igjen på Køsa, som høvdingen he arva etter besteforeldra sine.




Slik såg stolen ut då me starta.








Orginaltrekket ser nå grøn/brunt ut. Men fannt ut til lengre me såg inn i stoffet at den har vore blå - mørk blå. Litt falma kan du sei. Å du verden så mykje støv å diverse ana krims krams, sikkert frå attenhundreogfjorten..:)









Slik ser stolen ut i ribba tilstand.














Stolen stort sett ferdig. Eller manglar litt på ryggen, men det stoffet på baksida skal spikrast på. Og sidan spikrane ikkje var så lette og få ut heile og rette, så bar det til Vrådal i dag for å kaupe det og vatt. Brukar vatt for å få litt mjukare møbel, for det er stort sett strie og plank det bestend av når me har ribba den. Og gamle fjøyrer, så stolen er god å site i, men låg.









Då ser du eit resultat av litt demoliton arbeid frå mi side, mor sine gode sy egenskapar og pappa sine ferdighetar for å få ut umøglege skruvar.







For dei som ikkje ser det, er stoffet brunt. Syns det vert mykje finare på stolen enn då var laust. Kjøpte stoffet tidlegare i sommar då eg var på stoff og stil i Kristiansand. I grunnen ikkje mykje møbelstoff å velge i, men trur dette blir veldig greit...:) Eller ka du tru??


Morgo dagen byr på meire sol, så det blir nok ikkje gjort noke før kvelden. Men håpet er å fortsette litt på neste stol. Evt. hente soffan og starte å ribbe den.

Ha ein strålande fin sommardag i morgo...

3 kommentarer:

  1. På tie mæ ein komentar systa,eg æ MISUNELEG!!!!!!

    SvarSlett
  2. Ja syns au den blei veldig fin, takk...Syns den blei finare enn det eg ha våga å håpa på..:)Håpar den seiste stolen og soffan bli like fin..:)

    SvarSlett