lørdag 28. august 2010

Kledning..:)

Det tettar seg til på Køsa...

Då har det starta å tetta seg med ting ein ser att til seinare, kledninga kjem på. Det beste av det heile er at det er kledning med grunning og eit strøk med måling. Så det betyr at me treng bare å måle eit strøk på huset. Noke som passar oss bra sidan det har blitt ein del måling på garasjen. Tenker på grøss å gru om me hadde skulla hatt tri strøk på huset au. Det er heller ikkje noke pris å snakke om i forhold til tid, energi og kostnad på måling og utstyr.
























Her stoppa det opp fram til inngangspartiet blir starta på til veka.











Me har au fått septikk tanken på plass...:) Resten av det som skal gravast skal startast på etter elgejakta, ca tri veker til.










Ellers tok eg den fyrste rydderunden inne i huset, sopa å plukka spiker. Blir sikkert ikkje den seiste gongen...:)


Ha ei fin helg...so long

1 kommentar: