mandag 12. mars 2012

Vår...

Anten om ein vil det eller ei, så er det mykje som minner om vår ute nå...


Å til å med på Køsa. For etter fleire månadar med lite og ingen sol, er den nå tilbake. Å det er veldig godt med sol når ein har moglegheten til å vere ute i fint veir. Me har starta og rydde vekk litt vinter ting. Snofresaren er blant ana ein av tinga som har blitt parkert. Bamsen (scooteren) kjem godt med til slike "flytte sjauar", hehehe...












Eg "fjuska" litt i starten å hjalp isen vekk litt frå inngangspartiet. Men i helga har veir og vind gjort ein rektig så god jobb å fjerna så å sei resten. Nå er det tørrt og fint akkurat utanfor døra. Det er meire enn ein kan sei om resten av sidene på huset. Der ber det prega av å vere bløtt, gjørmete/leire , så det er godt med ei side om ikkje ana.













Det har lenge sett ut som at det har vore grønt i tuppane på selja i tretoppane rundt jordet her. Nå har det blitt bart i utkanten av jordet, så på joggeskoa bar det ut for å sjå. Ikkje bare har det blitt grønee nye skot, men gåsongar og. Det er jammen meg tidleg.












Men me rår ikkje med været, så det er bare å ta i mot det som kjem uansett om det er det ein ønsker eller ei. Eg for min del syns våren er ein månad for tidleg...:)



Ha ein strålande dag vidre
- Håpar du ikkje blæs vekk..:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar