torsdag 29. august 2013

Om ein bare fær tenkt seg litt om

Har lenge tenkt at eg ikkje er heilt fornøgd med stoga...Sidan mannen meiner at om eg vil lage eit hol skal eg vite at d skal henge der i minst 10 år....(!?)...er enig, å litt uenig all den tid at d er vanskleg nokk å få bestemmt seg kvar ein skal henge opp noke...

Denna veka har eg lest ein del blad. Å sett mange som pyntar opp med stigar både ute å inne...Det er mange å kjøpe, men til kva for ein pris. 500 kr for noke som ser enkelt ut å lage sjølv.
Ute å tussla i hagen i dag, å grubbla på kva for tre eg skulle ofre for å lage den stigen. Så kåm eg på den stigen som var gamal å ein smule røten, laga av høvdingen sin bestefar forr x antall år sia. Saga av d røtne å drog den inn. Til å med fæm åringen lura på om eg hadde blitt rar...;)
Ein liten tur på oleas hus, 3 ljosstakar seinare...vips koslegt blikkfang...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar