onsdag 22. februar 2012

Vår...

Dei fyrste vårtegna er i ferd med å vise seg...


Med mildveir og regn , kjem det glatte og isbelakte tun. Det er litt ala disney on ice her på Køsa om dagen. Hadde mummimamma vore ein disney skikkelse, så hadde du sett meg, balansere mellom husa hera. Med broddane godt plasserte på skoa for sikkerhetskyld. Har nemmleg hatt mine knall og fall, og dei seiste vekene i svangerskapet er kanskje det beste at ein prøvar og vere forsiktig...:)















Sola har på ny vist seg på Køsa etter noken månadar der den har glimta med sitt fråvær.


Selja har fått lange nye ljosegrøne skot, fugglane syng og morell/kirseber treet nede i botn av jordet ser ut til å ha "knuppar" i toppen...:):)Det kjem ikkje fram på bildet, men men.











Har våren starta og vise seg hos deg?




- N-
D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar