søndag 13. februar 2011

Kjøkken..:)

Gratulere ti alle mammaer der ute i dag, i dag er det morsdag...:)

Trur i grunnen lufta har gått litt ut av bloggen, eller var det ballongen det var kanskje. Har i grunnen ikkje mange romma eg føler er ferdige ennå, og som eg ikkje har lyst til å ha på trykk ennå sidan dei ikkje er slik eg har lyst at dei skal vere...Ingen er faktisk ferdige. Men i det tempoet eg er i nå, så kjem det heller ikkje til å skje heilt med det fyrste. Eg har naturleg stopp mykje på grunn av dersom det er noke som skal skruvast opp, så føler eg at høvdingen må godkjenne det. Veit enkleg ikkje høffer eg tenker slik, for eg sei jau bare at DER ska spikeren stå, eller litt dit eller hit. For på lik linje som eg ikkje har så store formeiningar om garasjen har ikkje han heller store innvendingar med det eg gjer inne. Men likar å høyre om han likar det, om han har veldig sterke meiningar tek eg hensyn, for det er ikkje så ofte skjer. Trur ikkje han syns det er så spennande...hehe...kan ikkje skjønne det..:) Men skal sannt seiast at han er flink til å sjå andre løysningar på ting som ikkje eg bestandig ser...


Men kjøkknet er eit av dei romma som eg mest fornøgd med i dagens tilstand, har ikkje fått på håndtaka ennå, men syns det er perfekt for meg...:) Har heller ikkje fått på fronten på oppvaskmaskina av den grunn at me har hatt litt att å fram med å få nye skruvar til handtaka. Handtaket må jau på før fronten blir montert..:)








































Her er eit nermar blikk inn på den geniale hjørneløysninga me har valgt. Syns ikkje det er så greit med hjørnekarusell, å sidan eg har ein forkjærlighet for skuffar, så var fellt valget lett på hjørneskuffar. Dei er store og romslege, rett å slett geniale. Det er dei fyrste Jonny hadde laga..:) Orka ikkje å lette på liket for å ta nye bilder, så det er bilder frå monteringa i romjola..Ber yvi mæ ei trøta jente som he hatt snørkande-tanteonge-englar-med-voksesmerter i senga i nått...Va suuuuper koslegt, mn æ nå trøtt ( hadde sikkert vørt det uansett, best før barne tv):):)























Slik ser det ut når dei er lukka...Det blir dobbelt med håndtak, ein i kvar "ramme", 6 stk på tre skuffar..












Det kjæmpe fine kjøkknet er laga av ein lokal møbelsnikkar, Jonny Erikstad. Han er veldig flink og resultatet blei veldig bra syns me...Kan anbefalast å bruke han...


Ellers nermar det seg at me har budd her i 3 veker. Og du å du så deileg det er. Lettvinnt, varmt å me stor kosar oss. Håvard har fleire gonger reist på rommet for å leike å tatt igjen dynna (= døra)...:)

Har heller ikkje så mykje askar å pakke ut. Høvdingen må kåme heim å lage litt "golv" på loftet slik at det som ikkje skal pakkast ut kan opp der. Som sommartøy, babytøy å ting, jolepynt å div skrammel som ikkje er heilt bestemmt om me treng eller ei. Vil prøve å sjå ann litt ting, å dersom det ikkje har blitt tatt i bruk etter max to år er søppel/lopper...:)Så er det bare å sjå om den planen trer i kraft eller om det blir ekstra isolasjon på loftet i mange år...Var foresten og rydda på loftet til mor å far i dag. Fannt ein del rare ting, mykje minner...haha...


Ha ei fin veke....
- N -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar