mandag 23. mai 2011

feil, feil, feil...

Det er som dei sei at ein feil kan ofte formere seg til å bli fleire feil. Så nå har me likegreit ei lang grøft frå sørenden av huset og ned langs heile vegen. Syns lissom det starta å sjå LITT FOR RYDDIG UT, haha...Neidå hell i uhell at ein finn ut tidleg at det er feil kabel som har blitt lakt til huset. Ville ha vore kjedlegt å ha rekt å lakt belegningssteinen før det vert oppdaga.

Men historia starta med at me skulle purre på vtk om å få dei til å ta ned ein straumstolpe slik at me fekk grave til tunet slik som planlakt. Me har valgt å legge straumen i bakken for å sleppe stolpar og ledningar rundt husveggane. Så skulle me stille med grøfta, og vtk kabelen. Men så viste det seg at vtk visste at det hadde blitt lakt feil kabel, så det måtte gravast om igjen. BINGO - om ein kanskje ikkje var så imponert over selskapetslowmotion i utganspunktet, så blei ein det ikkje nå i hvertfall.

Men historia er jau ikkje så verst allikavæl, det er tri mann med hydraulisk spade å årdnar for oss nå. Eller det vil sei at klokka nerma seg halv tri, å då var arbeidsdagen over...haha....Nei ikkje noke vondt mot dei som arbeidar der. Men ledelsen hadde kunna tenkt litt meire effektivt kansje...:)



Ellers er det hage som er denna periodens prosjekt. Men det blir i eit ana innlegg.
Her regner det litt, så er det litt sol, så er det litt vind - Ein blir ikkje lei med slik variasjon i det minste...:)


Har du noken gode hagebloggar som du les? Er veldig inspirasjonshungrig på den fronten om dagen, å ønskar tips...:)




( He problem med nettet, så bilda blir lankt ut seinare når det velger å kåme på bedre tankar)



-N-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar