torsdag 19. mai 2011

Sjerpa ønskast.

He endeleg fått på plass ei gravmaskin som ska gjere om grustaket til ein hage.
Nå har det blitt glatta over så fint så fint som bare det, er ikkje ferdig men etter i morgo er nok mykje gjort. Det er nå ein ser så fint det blir, så gliset som har vore veldig tilstades på kor fint huset har blitt, er om mogleg endå breiare nå når hagen og tek form.

Eg abonnerte på hageblad for noken år sidan, dei står nå ved sidan av senga. Mange gode planar har blitt klekkt ut på sengekanten, og håpar det kanskje kan bli noken nå au. Sankar til meg inspirasjon, og siklar over alle dei fine blomane.

Eg har planar om to bedd til nå, så får eg sjå kva eg endar opp med. Eg har ikkje så mange blomane, så håpar å spankulere litt i hagen til mor for å sjå om kanskje noken av staudene hennes er " litt for store". Ellers er planane å ta det litt ettersom ein kjem over noke. Ein tur til mimmis hage, gartneri i bygda, og leikvoll i Nome kommune, er jau ikkje å forakte.


Ein sjerpa hadde ikkje vore domt å hatt. Ettersom me nå har starta å planere så går me etter med raka og tar opp stein. Å fytti så mykje stein. Men det blir bra. Hadde det endå vore så væl att det hadde vore fin stein slik at ein hadde konne bruka alt til å laga steinmurar til bedd og slike ting. Men den gång ei, det er kanskje 10 stein til nå som me kan ha til det formålet. Så det hadde ikkje vore domt om det hadde stått ein sjerpa på tunet i morgo med ein egen egenskap til å trylle med stein.haha....

I dag har me kosa oss i heimen, med husarbeid både inne å ute. Mini har vore med, men ønska å slappe av litt ut på dagen så han satte seg i skråningen å såg etterlengta på Jørn Helge som grov. Han fekk sitte på, å nøla ikkje i det heile med å hoppe oppi. Trykkte å drog i spakar så det rista i heile maskina. Det var stor dag for liten gut, som fram til nå har funne draumeyrket sitt.





















































Helga går med til meire hagearbeid i form av vidre planering, såing og gjødsling. Å ikkje minst arbeidshelg som i dag ikkje fristar i det heile med sår hals.



Har du planar for helga?






Ha ein veldig fin helg uansett sysslar....:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar