tirsdag 3. mai 2011

kunst

Trur jammen me har ein liten kunstnar i hus...

Syns dei er så flinke i barnhagen til mini å lage så mykje fint. Det er mykje fint som har blitt med heim, men noke av det finaste er noken bilder som han har laga for over eit år sidan. Eg har heile tida tenkt at eg skal ha dei i ramme og henge dei opp på rommet hans, men då ramma kåm på vert bilda endå finare enn dei var i utgangspunktet. Faktisk så fine at mor å far ga mini sine bilder ein hedersplass i den ellers så tomme stoga. Kjempe fint blei det. Rammene var noke av det eg hadde på lista då eg var til byn i veka som var, og dei vert tekne i bruk med ein gong.






















Er ofte slik at eit bilde ikkje viser alt. Syns sjølv at bilda er mykje finare "live", men det er kanskje noke med fotografen au..:)





Men for noken veker sidan var det ein kjempe flott himmel. Og det var ikkje nødvendig med enten god fotograf eller utstyr for å ta fine bilder.






























I dag er den dagen i månen me ikkje likar - tysdagen då høvdingen reiser på arbei i gjen. Men det gjeng heldigvis fort den tida han er vekk au.

I dag er me tilbake til følelsen av tidleg vår. Det er litt sludd i lufta og det kan kjennast på lufta både inne og ute. Me har tennt opp i ovnen, og kosar oss så best me kann i heimen i dag.





Kosar du deg inne i dag??



- N -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar