søndag 28. november 2010

Advent.

Advent er her og det betyr at tida startar å bli lita til at me skal kunne flytte inn til jol. Eg har innsett at eg ikkje trur at det blir til at me er inne til jol, men håpar me kan flytte inn i jola. Har "balla på seg med litt diverse som me ikkje har forutsett, å det gjer det stort sett alltid på slike prosjekt. Når ein tenker litt etter kvart blir det slik.

Ellers er det i grunnen mykje som har skjedd sia seist. Sjå bare her :




Her ser du belegget me skal ha på badet. Det er litt spettete og jost slik at ein ikkje ser allt mellom himmel og jord er planen. Det er bare att å sveise. Å etter planen skal det gjerast i morgo.









Belegget som skal vere i stoga og kjøkknet er ferdig skjert, men på grunn av litt oppretting av eit betong golv som var litt skeivt og sprekt måtte det vente.










På gamle Køsa hadde me ikkje dagsjos inn på badet og det var eit savn. Me har derfor valgt eit takglas på badet. Syns det var kjempe fint. Men det har blitt noke endringar etter me planla glaset fyrst, så nå trur eg at me har utsikt rett i frå do.:) Jaja, fær kaupe ei "persienne" som me kan ha ned i helgene, det er den einaste gongen me har naboar. Ser nemmleg rett opp til nabo hytta.:) Har ikkje sjekka det heilt ut i dagsjos, så må gå ein tur å sondere terrenget ein dag.:)










Det har blitt mdf plater i taket oppå på to av soveromma. Det er bare tatt i skråtaket foreløbig grunna ventilasjonsanlegget. Det med ventilasjonsanlegget er ein ny del av det å bygge etter dei nye byggereglane. Det skal vere kontrollerte inn og utslepp.










Det er to av soveromma som har fått belegg, syns det blei kjempe fint...:)










Så har det til stadig vore tenkt over glasa, som ikkje er som me hadde tenkt. Driv derfor å ser på nye, for me lurar på om me rett å slett skal bytte dei ut. Det høyres ut som ein dyr og tidkrevande jobb. Så me er i tenkeboksen på akkurat det. Sjekke litt prisar o.l.

Tok ein snar tur til gvarv på steinsenteret og handla skifer til å blende brannmuren med. Det trur eg blir veldig fint, og eit avbrekk til allt det lyse, sidan den er grå.





Her er gangen nede i fullt kaos...:)










Titt - tei ! Håvard ser ned dusj sluket i 2. etasje og ned i gangen.









Trappeoppgangen. Platene måtte delast opp på grunn av høgda, så blir det dekt med listar til slutt. Trappa er bestillt, og er under produksjon.









Utgangsdør i den blå varianten. Her skal det stå ei dør, men den blir ikkje satt inn før det roar seg litt ned på bygginga.









Spisskammerset har fått belegg. Og su skimtar "pocet dynnane", det er delar til skreie døra som skal vere i mellom stoga å kjøkknet.











Nei, nå er det snart Emil i lønneberget, og det fengar alle tri genrasjonane her på Lauvrak..:) Så ha ein fin kvell, med det fyrste adventsjoset er tennt..:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar