onsdag 17. november 2010

Ytterdør..:)

Ut på tur, alldri sur...

I morgo ber det ti Kiel med color fantasy, mi er 18 stk som skal så det blir topp.
Derfor måtte eg opp på Køsa å inspisere litt i dag au. Det er moro å sjå på romma når dei fær platene på. Dei ferdig panelplatene er heilt geniale. Det resulterar i alt det er null å niks veggar å måle. Å det passar meg bra..:) Ikkje det at det er nøke gali mæ å måle. Men det er ikkje så mykje som er moro i lengda, heller ikkje måling.
Eg var så spent på å sjå korleis kjøkknet blei oppfatta med plater på, og det var som eg håpa at det såg større ut. Har nemmleg den seiste tida vore litt nervøs for at huset er litt "tarmete", for at det ikkje er så breit. Men trur det blir veldig bra - bare det blir ferdig...:)

Ellers så er det litt valg som har blitt tatt denna veka au. Me har måtta sett på dør igjen og syns det er denne som er den finaste..:) Det er ei dør frå swedoor.










Det er bare å håpe på at den kjem som bestillt. For det er leveringstid på den, som på det meste av dørane som ikkje blir laga av diplomat. Men 4 veker er ganske tett opp til innflytting (håpe-håpe-håpe).

Det er veldig mange som sei at dei flytta inn til jol, og vil ikkje anbefale meg å gjere det. Men for oss er det anten å gjere det i jola eller vente til februar. Å det har me ikkje så lyst til. Trur eg melder meg litt ut av sjølve jolkvelden i år, med tanke på min egen familie jolekveld. Skal istaden feire den med ei kveldsvakt på arbei. Typisk at eg arbeier når høvdingen he fri. Høvdingen he nemmleg ein rotering i joletida, slik at han då er heime i tre viker. Skal reise 4 januar og er vekk i tri veker. Har derfor lyst til å vere innflytt før han reiser.
Så då er det bare å håpe det er sno, slik at innflyttinga gjeng like greit som utflyttinga. Det føregjekk nemmleg føre seg med bruk av bamsen. Glasa vert skrudd ut av huset og dei største møblane blei bert rett ut på sleden og kjøyrd burt til garasjen. Så lettvint, spesiellt sidan me fekk hjelp au..:)
















Ha ei super hæg....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar